«Muffin Man» er ein song av Frank Zappa. Han finst som eit konsertopptak på konsertalbumet Bongo Fury frå 1975 i lag med Captain Beefheart (Don Van Vliet). Songen byrjar med eit studio-innspelt parti med tekst av Zappa og følgjer så med refrenget. Songen var inspirert av eit tradisjonelt barnerim, The Muffin Man.[treng kjelde] Songen avsluttar bådet dette albumet og samlealbumet Strictly Commercial, og vart òg nytta som siste song på konsertane til Zappa i mange år etterpå.[1][2] Tonen i songen er blitt samanlikna med stilen til Jimi Hendrix.[3]
Girl you thought he was a man But he was a muffin
Ein alternativ konsertversjon av «Muffin Man» finst på samlealbumet You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6. Songen finst òg på albuma Philly '76, FZ:OZ og Halloween.
Sonen til Frank Zappa, Dweezil, har i lag med Zappa Plays Zappa (ZPZ) , spelt «Muffin Man» på mange konsertar.