Den sørlege krona (frå latinCorona australis) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 200-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Dei gamle grekarane såg på stjernebiletet som eit krans og ikkje som ei krone og knytte det til Skytten eller Kentauren. Andre kulturar har samanlikna biletet med ei skjelpadde, eit strutsereir, eit telt eller ei hyltte som høyrte til ein fjellgrevling.
Den sørlege krona er eit lite stjernebilete som grensar til Skytten i nord, Skorpionen i vest, Telescopium i sør og Alteret i sørvest. Forkortinga for stjernebiletet, som er nytta av International Astronomical Union sidan 1922, er 'CrA'.[1] Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart fastsett av Eugène Delporte i 1930, og er definert av ein polygon med fire segment.
Kjende objekt
Sjølv om det ikkje er eit lyssterkt stjernebilete, skil Den sørlege krona seg ut ved eit lett gjenkjenneleg mønster av stjerner,[2] som har blitt skildra som ein hestesko-[3] eller ovalform.[4] Sjølv om ingen av stjernene er lysare enn storleiksklasse 2,4, har det likevel 21 stjerner som er synlege for det nakne auga (lysare enn storleiksklasse 5,5),[5] noko som gjer det til det nest mest lyssterke stjernebiletet.[6]Nicolas Louis de Lacaille brukte dei greske bokstavane Alfa til Lambda som nemning på dei elleve mest markante stjernene i stjernebiletet, og kalla to stjerner Eta, medan han ikkje nytta Iota. Mu Coronae Australis, er ei gul stjerne med spektralklasse G5.5III og tilsynelatande storleiksklasse 5,21,[7] fekk nemning av Johann Elert Bode og igjen av Benjamin Gould, som meinte ho var lys nok til å få ei eiga nemning.[8]
Stjerner
Den einaste stjerna i stjernebiletet som har fått namn er Alfecca Meridiana eller Alfa CrA. Namnet kombinerer det arabiske namnet på stjernebiletet med det latinske for «mellom».[9] På arabisk tyder Alfecca «brot», og syner til forma til både Den sørlege og Den nordlege krona.[10] Ho vert òg berre kalla «Meridiana»,[11] og er ei kvit stjerne i hovudserien som ligg 130 lysår frå jorda,[2] med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,10 og spektralklasse A2Va.[12] Ho er ei raskt roterande stjerne, som spinn med ein fart på nesten 200 km per sekund ved ekvator, og snurrar rundt ein heil runde på kring 14 timar.[13] Som stjerna Vega, har ho infraraud overskotsstråling, som indikerer at ho kan ha ein disk av støv kring seg.[10] Ho er for tida ei hovudseriestjerne, men vil etter kvart utvikle seg til å bli ein kvit dverg. I dag har ho ein luminositet som er 31 gonger større, og ein radius og masse som er 2,3 gonger større enn sola.[10]Beta Coronae Australis er ei oransje kjempe 510 lysår frå jorda.[2] Spektralklassen er K0II, og er av tilsynelatande storleiksklasse 4,11.[14] Etter ho vart danna har ho utvikla seg frå ei klasse B-stjerne til ei klasse K-stjerne. Luminositetsklassen plasser ho som ei lys kjempe. Luminositeten er 730 gonger sola sin,[15] noko som gjer ho til den type K0-stjerna med høgast luminositet som er synleg for det nakne auga.[11] Ho er 100 millionar år gammal og har ein radius som er 43 solradiar (R☉) og ein masse som er mellom 4,5 og 5 solmassar (M☉). Alfa og Beta er så like at det ikkje er mogeleg å skilje lysstyrken deira med det nakne auga.[15]
Av dei meir markante dobbelstjernene finn ein Gamma Coronae Australis—eit par gulkvite stjerner som ligg 58 lysår frå jorda, og som går i bane kring kvarandre med ein periode på 122 år. Dei har blitt meir fråskilde sidan 1990 og dei to stjernene er mogelege å skjelne frå kvarandre med eit 100 mm-teleskop;[2] dei er skilde av 1,3 bogesekund med ein vinkel på 61 grader.[16] Dei har ein samla visuell storleiksklasse på 4,2;[17] og kvar komponent er ei F8V dvergstjerne med ein storleiksklasse på 5,01.[18][19]Epsilon Coronae Australis er ei formørkande binærstjerne som høyrer til klassen kalla W Ursae Majoris-variabel. Desse stjernesystema er kjende som kontaktbinære sidan komponentstjernene ligg så tett at dei rører kvarandre. Dei varierer med ein kvart storleiksklasse kring ein gjennomsnittleg tilsynelatande storleiksklasse på 4,83 kvar sjuande time. Stjernesystemet ligg 98 lysår unna.[20] Spektralklassen er F4VFe-0.8+.[21] I sørenden av stjernebiletet ligg stjernene Eta¹ og Eta² Coronae Australis, som dannar ei optisk dobbeltstjerne.[22] Med ein storleiksklasse på 5,1 og 5,5, er dei mogeleg å skjelne med det nakne auga, og begge er kvite.[23]Kappa Coronae Australis er ei lett oppløysleleg optisk dobbeltstjerne. Komponentane er 5,7 og 6,3 og dei ligg høvesvis 1700 og 490 lysår unna.[2] Dei har ein vinkel på 359 grader og er skilde frå kvarandre med 21,6 bogesekund.[16]Kappa² er den lysare av dei to og er meir blåkvit,[23] med spektralklasse B9V,[24] medan Kappa¹ har spektralklasse A0III.[25] 202 lysår unna ligg Lambda Coronae Australis og er dobbelt delbar i små teleskop. Hovudstjerna er ei kvit stjerne med spektralklasse A2Vn og storleiksklasse på 5,1,[26] medan følgjestjerna har ein storleiksklasse på 9,7.[2] Dei to komponentane er skilde med 29,2 bogesekund med ein vinkel på 214 grader.[16]
Zeta Coronae Australis er ei raskt roterande hovudseriestjerne med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,8, 221,7 lysår frå jorda. Stjerna har uskarpe linjer i hydrogenspekteret på grunn av rotasjonen.[22] Spektralklassen er B9V.[27]Theta Coronae Australis ligg lenger vest og er ei gul kjempe med spektralklasse G8III og tilsynelatande storleiksklasse 4,62.[28] Corona Australis har òg RX J1856.5-3754, ei isolert nøytronstjerne som ein trur ligg 460 (±130) lysår, unna, med ein diameter på 14 km.[29] Ein trudde tidlegare dette var ei særstjerne,[30] men dette er blitt avvist.[29]
R Coronae Australis er ei irregulær variabel stjerne som varierer i storleiksklasse frå 9,7 til 13,9.[35] Ho blåkvit med spektralklasse B5IIIpe.[36] Ho er ei særs ung stjerne og akkumulerer framleis interstellart stoff.[31] Ho er ligg bakom og lyser opp den kringliggande stjernetåka NGC 6729, som lyser opp og blir mørkare i lag med stjerna.[35] Stjernetåka vert ofte samanlikna med ein komet på grunn av utsjånaden i eit teleskop, sidan ho er fem gonger så lang som ho er brei.[37]S Coronae Australis er ein klasse G-dverg i same feltet som R, og er ei T Tauri-stjerne.[22] I nærleiken lyser ei anna ung, variabel stjerne, TY Coronae Australis, opp ei anna stjernetåke: refleksjonståka NGC 6726–7. TY Coronae Australis varierer ujamnt mellom storleiksklassane 8,7 og 12,4, og lysstyrken til stjernetåka varierer i lag med stjerna.[35] Ho er blåkvit med spektralklasse B8e.[38] Dei største av dei unge stjernene i regionen, R, S, T Coronae Australis, TY og VV Coronae Australis, kastar alle ut jettar av materiale som får det kringliggande støvet og gassen til å samle seg saman og danne Herbig–Haro-objekt, og ein har identifisert mange slike i nærleiken.[39] I nærleiken til tåkene ligg kulehopenNGC 6723, som i røynda ligg i nabo-stjernebiletet Skytten og er mykje lengre unna.[40]
Nær Epsilon og Gamma Coronae Australis ligg Bernes 157, ei mørk tåke og stjernedannande område. Det er ei stor stjernetåke, 55 gangar 18 bogeminutt, med fleire stjerner kring storleiksklasse 13. Desse stjernene er blitt dimma opp til 8 storleiksklassar av støvet i tåka.[41]
IC 1297 er ei planetarisk tåke med tilsynelatande storleiksklasse 10,7, som ser ut som eit grønfarga, rundt objekt i kraftige amatørinstrument.[42] Tåka ligg kring den variable stjerna RU Coronae Australis, som har ein midla tilsynelatande storleiksklasse på 12,9[43] og er ei klasse WC Wolf–Rayet-stjerne.[44] IC 1297 er lita, berre kring 7 bogesekund i diameter; og er blitt skildra som «ein firkant med avrunda kantar», strekt i nord-sør-retninga.[45] Fargane er blitt skildra som blå, blågrøn og grønaktig blå.[45]
Siden Den sørlege krona ligg nær Mjølkevegen er det få galaksar å sjå. NGC 6768 er eit objekt med storleiksklasse 11,2, 35 minuttgrader sør for IC 1297. Han består av to galaksar som flyt saman,[23] den eine ein langstrekt elliptisk galakse med klasse E4 og den andre ein linseforma galakse med klasse S0.[46]IC 4808 er ein galakse med tilsynelatande storleiksklasse 12,9 på grensa til Den sørlege krona til stjernebiletet Teleskopet, og 3,9 grader vest-sørvest for Beta Sagittarii. I amatørteleskop kan ein berre sjå ei antyding til spiralstrukturen. Han er 1,9 bogeminuttar ganger 0,8 bogeminuttar. Det sentrale område av galaksen verkar lysar i eit amatørinstrument, og heller nordaust til sørvest.[47]
Søraust for Theta og sørvest for Eta ligg den opne hopenESO 281-SC24, som består av den gule stjerna GSC 7914 178 1 med storleiklasse 9, og fem stjerner med storleiksklasse kring 10 og 11.[23] Halvvegs mellom Theta Coronae Australis og Theta Scorpii ligg den tette kulehopen NGC 6541. Han har storleiksklasse 6,3[35] til 6,6,[16] og er synleg i kikkertar og små teleskop. Han ligg kring 22 000 lysår unna, og er kring 100 lysår i diameter.[35] Han er estimert til å vere kring 14 milliardar år gammal.[48] NGC 6541 er 13,1 bogeminutt i diameter og er noko oppløyseleg i store amatørteleskop.[49]
Meteorsvermar
Corona Austranidane er ein meteorsverm som finn sstad mellom 14. og 18. mars kvart år, med ein topp kring 16. mars.[50] Denne meteorsvermen har ikkje mange meteorar per time. I 1953 og 1956 vart det observert høvesvis maks 6 og 4 meteorar per time.[51] I 1992 vart det registrert opp mot 45 meteorar i timen.[52] Corona Austranidane varierer mykje frå år til år.[53][54]
Falkner, David E. (2011). The Mythology of the Night Sky: An Amateur Astronomer's Guide to the Ancient Greek and Roman Legends. New York, New York: Springer. ISBN978-1-4614-0136-0.
Griffiths, Martin (2012). Planetary Nebulae and How to Observe Them. Springer. ISBN978-1-4614-1781-1.
Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: an account of Polynesian astronomy. Yale University Press.
Malin, David; Frew, David J. (1995). Hartung's Astronomical Objects for Southern Telescopes: A Handbook for Amateur Observers. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. ISBN978-0-521-55491-6.
Moore, Patrick; Rees, Robin (2011). Patrick Moore's Data Book of Astronomy. Cambridge University Press. ISBN978-1-139-04070-9.
Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1988). The Constellations. New York City: Doubleday. ISBN978-0-385-17600-2.
Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1991). The Constellations: An Enthusiast's Guide to the Night Sky. London, Storbritannia: Aurum Press. ISBN978-1-85410-088-7.
O'Meara, Stephen James (2011). Deep-Sky Companions: The Secret Deep. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. ISBN978-0-521-19876-9.
Porter, Deborah Lynn (1996). From Deluge to Discourse: Myth, History, and the Generation of Chinese Fiction. Albany, New York: SUNY Press. ISBN978-0-7914-3034-7.
Reipurth, Bo, red. (2008). «The Corona Australis Star Forming Region». Handbook of Star Forming Regions. II: The Southern Sky. ASP Monograph Publications.
Rogers, J. H. (1998). «Origins of the ancient stjernebiletes: I. The Mesopotamian traditions». Journal of the British Astronomical Association108 (1): 9–28. Bibcode:1998JBAA..108....9R.
Russell, Henry Norris (October 1922). «The new international symbols for stjernebiletets». Popular Astronomy30: 469. Bibcode:1922PA.....30..469R.
Sherrod, P. Clay; Koed, Thomas L. (2003). A Complete Manual of Amateur Astronomy: Tools and Techniques for Astronomical Observations. Courier Dover Publications. ISBN978-0-486-42820-8.
Simpson, Phil (2012). Guidebook to the Constellations : Telescopic Sights, Tales, and Myths. Springer New York. ISBN978-1-4419-6940-8.
Staal, Julius D. W. (1988). The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars. McDonald and Woodward Publishing Company. ISBN978-0-939923-04-5.
Steinicke, Wolfgang (2010). Observing and Cataloging Nebulae and Star Clusters: From Herschel to Dreyer. Cambridge University Press. ISBN978-0-521-19267-5.
Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, VA: The McDonald & Woodward Publishing Company. ISBN978-0-939923-78-6.
Streicher, Magda (August 2008). «The Southern Queen’s Crown»(PDF). Deepsky Delights. The Astronomical Society of Southern Africa. Henta 17. august 2012.[daud lenkje]
Czech sportsman This biography of a living person needs additional citations for verification. Please help by adding reliable sources. Contentious material about living persons that is unsourced or poorly sourced must be removed immediately from the article and its talk page, especially if potentially libelous.Find sources: Jan Weber – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (October 2011) (Learn how and when to remove this template message) Jan We...
Rugby league competition This article is about Super League (Australia)'s 1997 competition. For the Australian Rugby League-operated rival competition, see 1997 ARL season. For Europe's 1997 professional rugby league season, see Super League II. 1997 Super LeagueTeams10Premiers Brisbane (3rd title)Minor premiers Brisbane (2nd title)Matches played96Points scored4,035Average attendance13,039Attendance1,251,777Top points scorer(s) Ryan Girdler (197)Top try-scorer(s) Matthew Ryan (17)← 199...
French politician (1940–2021) Jacques AuxietteJacques Auxiette in 2007President of the Regional Councilof Pays de la LoireIn office2 April 2004 – 18 December 2015Preceded byJean-Luc HarousseauSucceeded byBruno RetailleauMayor of La Roche-sur-YonIn office14 March 1977 – 1 April 2004Preceded byPaul CaillaudSucceeded byPierre Regnault Personal detailsBorn(1940-12-03)3 December 1940Montlevicq, Indre, FranceDied10 December 2021(2021-12-10) (aged 81)Angers, FrancePoliti...
ГАХАЛівр. גחל Країна ІзраїльГолова партії Менахем БегінДата заснування 1965Дата розпуску 1977Штаб-квартира Єрусалим, ІзраїльСоюзники та блоки Херут, Ліберальна партія ГАХАЛ (івр. גחל — скорочення від гуш Херут Лібералім: івр. גוש חרות - ליברלים)...
Private university in Henrietta, New York, U.S. Not to be confused with University of Rochester or Rochester Community and Technical College. RIT redirects here. For other uses, see RIT (disambiguation). Rochester Institute of TechnologyFormer namesRochester Athenæum (1829–1891)The Mechanics Institute (1885–1891)Rochester Athenaeum and Mechanics Institute (1891–1944)TypePrivate research universityEstablished1829; 194 years ago (1829)Academic affiliation AITU RAC NAICU...
ShockSingel oleh Beastdari album Shock of the New EraDirilis28 Februari 2010 (2010-02-28)(see release history)FormatDigital downloadDirekam2010GenreDance-pop, motorpop, hip-hop, K-popDurasi3:47LabelCube EntertainmentVideo musikShock (Korean) di YouTube Shock (Japanese Version)Berkas:Shock (Japanese) Limited Edition A.jpgLimited Edition A CoverSingel oleh Beastdari album So BeastDirilis16 Maret 2011 (2011-03-16) (Jepang)FormatDigital Download, CDDirekam2011GenreJ-pop, motorpop, dance...
American action-adventure television series The AstronautsGenreAction-adventureCreated byDaniel KnaufStarring Miya Cech Bryce Gheisar Keith L. Williams Kayden Grace Swan Ben Daon Voices ofPaige HowardComposerAdam LastiwkaCountry of originUnited StatesOriginal languageEnglishNo. of seasons1No. of episodes9ProductionExecutive producers Dean Israelite Stephanie Sperber Ron Howard Brian Grazer Daniel Knauf ProducerJim O'GradyCinematographyJames McMillanCamera setupSingle-cameraRunning time22–23...
Роман Муртазаєв Особисті дані Народження 10 вересня 1993(1993-09-10) (30 років) Караганда, Казахстан Зріст 187 см Вага 80 кг Громадянство Казахстан Позиція нападник Інформація про клуб Поточний клуб «Астана» Номер 45 Професіональні клуби* Роки Клуб І (г) 2012–2015 «Шахтар...
Lago di ResiaReschenseeStato Italia Regione Trentino-Alto Adige Provincia Bolzano Comune Curon Venosta Coordinate46°48′00.83″N 10°32′14.99″E / 46.800231°N 10.537497°E46.800231; 10.537497Coordinate: 46°48′00.83″N 10°32′14.99″E / 46.800231°N 10.537497°E46.800231; 10.537497 Altitudine1 498 m s.l.m. DimensioniSuperficie6,6 km² Profondità massima22,5[1] m Profondità media8 m Volume0,12 k...
Masjid Raya KasangAgamaAfiliasi agamaIslamLokasiLokasiNagari Kasang, Kecamatan Batang Anai, Kabupaten Padang Pariaman, Sumatera Barat, IndonesiaKoordinat0°47′15.774″S 100°20′28.025″E / 0.78771500°S 100.34111806°E / -0.78771500; 100.34111806Koordinat: 0°47′15.774″S 100°20′28.025″E / 0.78771500°S 100.34111806°E / -0.78771500; 100.34111806ArsitekturPeletakan batu pertama1800Arah fasadTenggara Masjid Raya Kasang adalah masjid...
Railway line in India Neora–Daniyawan–Bihar Sharif–Sheikhpura lineBihar Sharif Junction, the most important station of the rail lineOverviewStatusPartially operationalOwnerIndian RailwaysLocalePatna, Nalanda & Sheikhpura districts of BiharTerminiNeoraSheikhpuraServiceOperator(s)East Central RailwayHistoryOpened2015 (Daniyawan–Bihar Sharif section)TechnicalLine length123.2 km (77 mi)Number of tracks1Track gaugebroad gauge 1,676 mm (5 ft 6 in)Electrific...
Der Volksentscheid zum Tempelhofer Feld wurde am Sonntag, dem 25. Mai 2014 in Berlin durchgeführt. Die zur Abstimmung gestellte Vorlage wurde im Volksentscheid mehrheitlich angenommen. Inhaltsverzeichnis 1 Volksbegehren und Volksentscheid 1.1 Bürgerinitiative 100 % Tempelhofer Feld 1.2 Volksentscheid 2 Ergebnis 2.1 Karten 3 Siehe auch 4 Weblinks 5 Einzelnachweise Volksbegehren und Volksentscheid Im September 2011 gründete sich im östlich an die Parkfläche angrenzenden Schillerkiez u...
Helessa AuthorMiho MosulishviliOriginal titleჰელესაCover artistNiko PirosmaniCountry GeorgiaLanguageGeorgianGenreMythpunk, Nautical fiction, Movie novelPublisherUstariPublication date2012Media typeBook (Print, Microform, Electronic, etc.)Pages291 p. ; 19 sm.ISBN978-9941-9261-1-2 ISBN 978-9941-9261-2-9 (Synopsis for Helessa)OCLC809933760; 806490999Preceded byVazha-Pshavela, 2011 Followed byA Big She-Bear, 2013 Helessa, Or The Azale...
Diseño oficial del escudo de la Comunidad Valenciana. Para consultar el artículo sobre el escudo de la Ciudad de Valencia véase: Escudo de Valencia. El escudo o emblema de la Comunidad Valenciana está basado en «el símbolo representativo del Reino de Valencia más antiguo que se conoce, el que existía en la Puerta de la Xerea de la Ciudad de Valencia»,[1] de acuerdo con el Consejo del País Valenciano en 1978. La versión actual vigente está descrita en el Diario Oficial de la...
This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Destruction discography – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (August 2017) (Learn how and when to remove this template message) Destruction discographyStudio albums15Live albums5Compilation albums3Music videos6EPs4Demos3 This is the discography for Ger...
2014 Teen Choice AwardsDateAugust 10, 2014LocationShrine Auditorium, Los Angeles, CaliforniaHosted byTyler Posey, Sarah HylandTelevision/radio coverageNetworkFoxProduced byProduction company: Bob Bain Productions, Michael Burg ProductionsProducer: Paul Flattery, Kelly Brock, Gregory Sills (supervising producer)Executive producer: Bob Bain, Michael Burg ← 2013 · Teen Choice Awards · 2015 → The 2014 Teen Choice Awards ceremony was held on August 10, 2014 at the...
إزميد (بالتركية: İzmit) تقسيم إداري البلد تركيا [1][2] عاصمة لـ قوجه إيلي التقسيم الأعلى قوجه إيلي (1923–)إيالة الأناضول (1393–1827) خصائص جغرافية إحداثيات 40°46′19″N 29°56′59″E / 40.7718818°N 29.9497846°E / 40.7718818; 29.9497846 [3] الارتفاع 100 متر السكان الت...
La Razón Tipo PeriódicoFormato tabloidePaís España Sede MadridÁmbito de distribución NacionalFundación 1998Fundador(a) Luis María AnsonGénero GeneralistaPostura política DerechaIdeología política ConservadurismoMonarquismoIdioma EspañolPrecio 2,00€Frecuencia diariaTirada 94.620 (2018)[1]Difusión 73.612 (2018)[2]Propietario(a) Grupo PlanetaDirector(a) Francisco MarhuendaEditor(a) Audiovisual Española 2000 S.A.ISSN 1576-7078 y 1576-7094Sitio web larazon.es[ed...