Nicolas Louis de La Caille, stundom skrive Lacaille, (28. desember 1713–21. mars 1762) var ein fransk astronom. Han var professor i matematikk ved Collège Mazarin i Paris frå 1739. Han leia vitskapelege ekspedisjonar til Sør-Afrika frå 1750 til 1754. Han fann posisjonen for nesten 10 000 stjerner, og gav namn til 14 nye stjernebilete. Han gav ut ei rekke bøker i matematikk, fysikk og astronomi.
Kjelder