Kjelder: The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. og The Hipparcos Catalogue, ESA SP-1200
Djupromsobjekt
Lindsay-Shapley-ringen, eller AM0644-741, er ein ringgalakse som ligg 300 millionar lysår frå jorda. Han er kalla opp etter oppdagarane. Lindsay-Shapley-ringen vart funnen nær Den store magellanske skya i 1960. Som Kjerrehjulgalaksen i Bilethoggaren, kjem den unvanlege forma på galaksen som følgje av ein kollisjon mange millionar år sidan. Den blå ringen, 150 000 lysår i diameter, vart forma då ei sjokkbølgje frå kollisjonen skapte ein ring av varme, blå stjerner. Den gule kjernen er ei samansmelting av kjernene til etterkomarane.[1]NGC 2442, er ein spiralgalakse, 50 millionar lysår frå jorda.