Mot nord i stjernebiletet ligg kulehopaneNGC 5824 og NGC 5986, og i nærleiken den mørke stjernetåkaB 228. I sør ligg to opne hopar, NGC 5822 og NGC 5749, i tillegg til kulehopenNGC 5927 ved austgrensa til Vinkelhaken. På vestresida er to spiralgalaksar og Wolf-Rayet-tåkaIC 4406, med somme av dei varmaste stjernene ein kjenner til. IC 4406, òg kalla Netthinnetåka, er ei synliderforma stjernetåke kring 5 000 lysår unna. Ho har støvgater som går gjennom sentrum.[2] Ei anna planetarisk tåke, NGC 5882, ligg mot midten av stjernebiletet. Eksoplaneten Lupus-TR-3b ligg i dette stjernebilete. Den historiske supernovaen SN 1006 skal i følgje forskjellige kjelder ha skjedd 30. april til 1. mai 1006 i stjernebilete.
Kjelder
↑Preibisch, T., Mamajek, E.; Mamajek (2008). «The Nearest OB Association: Scorpius-Centaurus (Sco OB2)». Handbook of Star-Forming Regions2: 0. Bibcode:2008hsf2.book..235PCheck |bibcode= value (hjelp). arXiv:0809.0407. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1. utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN978-1-55407-175-3.