Bordet har ingen lyssterke stjerner, og Alfa Mensae er den mest lyssterke, berre så vidt synleg med ein storleiksklasse på 5,09. Bordet er derfor det mest lyssvake av alle stjernebileta på himmelen. Alfa Mensae er ei sol-liknande stjerne (klasse G5 V) og ligg 33 lysår frå jorda. Ho vert rekna som ein god kandidat til å ha ei jordliknandeplanet. Pi Mensae er òg ei sol-liknande stjerne (G1) og ligg 59 lysår unna. Ho har ei stor gasskjempe i bane. Denne kryssar den habitable sonen, noko som utelet at stjerna kan ha ein habitabel planet i omlaup.