Verdsmeisterskapen i friidrett 1997, den 6. i rekka, vart avvikla på Olympiastadion i Athen frå 1. til 10. august 1997. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 20 for kvinner. Frå 200 deltakarland vart påmeldt 2 266 utøvarar.
Marion Jones frå USA var den einaste utøvaren som fekk med seg to gullmedaljar frå meisterskapen då ho vann 100 meter og sprang andreetappen for USA sitt vinnarlag på 4x100 meter stafett.
Dei norske kvinnene, Hanne Haugland og Trine Hattestad, vann kvar sitt VM-gull, i høvesvis høgdehopp og spydkast. Elles vart Steinar Hoen nummer fire i høgdehopp, Vebjørn Rodal kom på femteplass på 800 meter og Jim Svenøy på sjuandeplass på 3000 meter hinder.