VM i friidrett 2009 var den tolvte verdsmeisterskapen i friidrett og vart arrangert sommaren 2009 på Olympiastadion i Berlin, med øvingane maraton og kappgang inne i byen ved Brandenburger Tor. Meisterskapen starta 15. august og vart avslutta den 23. august.
2101 utøvarar frå 202 ulike nasjonar var påmelde til meisterskapen.[1] IAAF hadde på same tid 213 registrerte medlemmar.[2]
VM i friidrett var årets største sporthending i verda i 2009 og tredje største sportsarrangement etter sommar-OL og vinter-OL i talet på øvingar.[3]
Under VM i friidrett 2009 vart det sett tre verdsrekordar og fem meisterskapsrekordar. Jamaicanaren Usain Bolt gjentok bragda frå sommar-OL 2008 og noterte ein ny verdsrekord både på 100 og på 200 meter. Vidare sette polske Anita Włodarczyk ein ny verdsrekord i sleggjekast for damer.
Det vart sett meisterskapsrekord av Melaine Walker på 400 meter hekk for kvinner, Jamaicas herrelag på 4 x 100 meter stafett, Ezekiel Kemboi på 3000 meter hinder, Abel Kirui i maraton og Kenenisa Bekele på 10 000 meter. Bekele vart ved sida av Bolt ein av kongane i meisterskapen då han vann gullet på både 5 000 meter og 10 000 meter.
I tillegg til rekordane vil nok meisterskapen hugsast for at Jelena Isinbajeva enda sist i stavhopptevlinga då ho reiv på inngangshøgda. I spydkastinga for damer vann tyskaren Steffi Nerius gull i den siste store meisterskapen sin. Ytterlegare eitt minne vart Steven Hooker som trass skade greidde å vinne gullet i stavhopp for herrar. I kjølvatnet av VM oppstod ein diskusjon om kjønnstestar innan idretten, etter at det sørafrikanske vedunderbarnet Caster Semenya vann gull på 800 meter for kvinner.
Noreg stilte med 14 utøvarar under meisterskapen.[4]
Gull i spydkast til Andreas Thorkildsen og sølv i 50 kilometer kappgang til Trond Nymark vart Noregs medaljehaust. Kjersti Tysse Plätzer var det andre medaljehåpet under meisterskapen, [5] men ho vart diska frå øvinga. [6]
Olympiastadion er dimensjonerte for 74 845 tilskodarar, men på grunn av at ein større seksjon er sett av til pressa, var det under meisterskapen plass til rundt 50 000. Stadionet er freda, men fekk likevel ein omfattande rehabilitering i forkant av fotball-VM i 2006 for omtrent 242 millionar €.[7]
Deltakarane budde hovudsakleg på Hotel Estrel (950 rom) og Hotel Berlin (650 rom). Sportshendinga vart radio- og TV-send i meir enn 190 land[8].
Berlin fekk tildelt arrangementet av IAAF den 6. desember 2004, og vann då over dei andre søkjarbyane Brisbane (Australia), Brussel (Belgia), Casablanca (Marokko), Daegu (Sør-Korea), New Delhi (India), Split (Kroatia) og Valencia (Spania). [9] Berlin by og Deutsche Leichtathletik-Verband (det tyske friidrettsforbundet) står som arrangørar for meisterskapen, gjennom ein eigen arrangementskomité etablert i 2005.[10]
IAAF annullerte i 2016 Pogorelov sitt resultat.
Dato: 17. august
Finale: 21. august
Finale: 18. august
Finale: 19. august
Finale: 23. august
Finale: 22. august
Dato: 15. august
Dato: 23. august
Dato: 16. august
Dato: 20. august
Finale: 17. august
Finale: 20. august
Finale: 16. august
Abakumova sitt resultat vart underkjent i 2016.
Dato: 15./16. august