Ellina Aleksandrovna Zvereva (fødd 16. november 1960) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Dolgoprudnyj som representerte Sovjetunionen og seinare Kviterussland. Ho tevla i diskoskasting og vann gullmedaljen i øvinga i OL 2000 og i VM 1995, og VM 2001. Zverevas personlege rekord er på 71,58 meter.
Aktiv
Zvereva enda på femte plass då ho meisterskapsdebuterte under Sommar-OL 1988 i Seoul. Same året sette ho sin personlege rekord i diskoskast på 71,58 m ved ei tevling i Leningrad. Ho vann si fyrste internasjonale meisterskapsmedalje ved EM 1994 i Helsinki der vart nummer to.
Under friidretts-VM 1995 i Göteborg kasta Zvereva 68,64 m og tok sitt fyrste gull, over meteren lengre enn tyske Ilke Wyludda. Året etter kneip Zvereva OL-bronse i øvinga under sommarleikane i Atlanta. I 1997 kompletterte ho medaljesamlinga med eit VM-sølv, gullet gjekk til nyzealandske Beatrice Faumuina.
Zvereva vann gull i diskoskasting både i 2000 og 2001. Hausten 2000 var ho heilt suveren i OL-finalen i Sydney, hennar lengstekast målte 68,40 m, medan toaren ikkje nådde 66 meter. Sommaren etterpå enda ho opphavleg på andreplass under friidretts-VM i Edmonton, men då russiske Natalja Sadova vart diskvalifisert for dopingbruk, tok Zvereva over fyrsteplassen i tevlinga.
Etter 2001-sesongen heldt Zvereva ikkje lenger eit toppnivå med kast over 65 meter. Ho vart utslått i kvalifiseringa under Sommar-OL 2004, og kom på sjetteplass både i EM 2006 og OL 2008. 47 år gammal la ho opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 1988 i Seoul: Nr 5 – 68,94 m
- EM 1990 i Split: Nr 6 – 63,88 m
- VM 1991 i Tokyo: Nr 9 – 63,22 m
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (nr 16 – 59,84 m)
- EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 64,46 m, bakom Ilke Wyludda (68,72 m)
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 68,64 m, framom Ilke Wyludda (67,20 m)
- OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje – 65,64 m, framom Franka Dietzsch (65,48 m)
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 65,90 m, bakom Beatrice Faumuina (66,82 m)
- EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 65,92 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 10 – 62,75 m
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 68,40 m, framom Anastasia Kelesidou (65,71 m)
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 67,10 m, framom Nicoleta Grasu (66,24 m)
- OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 – 60,63 m)
- EM 2006 i Göteborg: Nr 6 – 61,72 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 60,82 m
Kjelder