Valentina Ivanovna Tsybulskaya (fødd 17. mars 1968) er ein kviterussisk tidlegare kappgjengar fødd i Rostov-on-Don i dagens Russland. Ho vann VM-sølv i 2001 og VM-bronse i både 1997 og 2001.
Tsybulskaja gjekk inn til bronsemedalje på 10 kilometer under verdsmeisterskapen 1997 i Aten, nærare minuttet bak vinnaren Annarita Sidoti frå Italia. Etter nokre middelmåls sesongar kom ho tilbake då kvinnene ved VM 2001 i Edmonton tevla i 20 km i staden for 10 km. I den kanadiske VM-byen gjorde Tsybulskaja personbeste og sikra seg sølvmedaljen, sju sekundar føre italienske Elisabetta Perrone, vinnaren Olimpiada Ivanova var i ei klasse for seg. To år seinare vann Tsybulskaja bronsemedaljen ved den neste verdsmeisterskapen på ny kviterussisk rekord 1.28.10.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Kjelder