Unplugged...and Seated er eit konsertalbum av den britiske musikaren Rod Stewart, gjeve ut 24. mai 1993. Det er det andre konsertalbumet til Stewart og det første (og einaste) for MTV Unplugged. Albumet kom ut på Warner Bros. Records (WEA 9362-45289-1/2). Dei akustiske versjonane av «Have I Told You Lately» av Van Morrison, «Reason to Believe», «Having a Party» og «People Get Ready» vart gjevne ut som singlar, og «Have I Told You Lately» og «Having a Party» fekk ein viss suksess. Ei samlarutgåve kom ut i mars 2009 på Rhino Records. Den doble utgåva inneheldt ein DVD med MTV-konserten på 13 songar og ein CD med 17 spor, inkludert to songar («Gasoline Alley» og «Forever Young») som ikkje var med på den originale utgåva frå 1993.
Albumet vart spelt inn 5. februar 1993 i Universal Studios i Los Angeles som ein del av MTV-serien Unplugged. Hendinga vart send på TV den 5. mai same året. Stewart spelte for første gongen med Ronnie Wood på nesten 20 år, som hadde vore medlem av Faces. Stewart spelte nokre klassikarar frå repertoaret sitt som «Tonight's the Night» og «Maggie May», men òg nyare songar som «Having a Party» og «Highgate Shuffle».
^salstala er basert på sertifiseringa aleinexuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine