Gasoline Alley er det andre soloalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut i juni 1970. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia på Vertigo og kom ut på ny i 2008 med remastra lyd av eit russisk selskap, Lilith Records.[5] Albumet består av både coverlåtar og Stewart sine eigne songar.[1] Som mange av soloalbuma til Stewart på denne tida, spelar fleire medlemmar frå bandet hans, Faces, på plata.
Albumet fekk positiv omtale då det kom ut, og Langdon Winner i Rolling Stone meinte at Stewart hadde «ein sjeldan sensitivitet for skjøre augneblink i eksistensen til ein person»,[3] og at dette albumet var «eit verk av i høgaste grad ein bra artist».[3]
Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.