Time er det 28. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut 3. mai 2013 i Storbritannia, 8. mai 2013 i Japan med tittelen «Time: Toki no Tabibito» (タイム~時の旅人~, «Time: Toki no Tabibito»),[2] og 7. mai 2013 i USA og Canada.[3] Albumet gjekk inn på topp 10 i USA og gjekk rett inn på toppen av UK Albums Chart, og sette ny britisk rekord for lengste periode mellom to listetoppande album av ein artist, sidan det førre albumet hans som nådde toppen av denne lista var A Night on the Town i 1976.[4] Albumet selde til platina i Storbritannia den 16. august 2013 og dobbelplatina den 29. desember 2017.[5] Totalt sett var albumet det sjuande bestseljande albumet i 2013 i Storbritannia.[6] I USA selde albumet 141 000 eksemplar innan september 2015.[7]
«It's Over» var den første singelen frå albumet i Europa og nådde 91. plassen på UK Singles Chart. I Nord-Amerika var den første singelen «She Makes Me Happy», som nådde 12. plassen på Billboard Adult Contemporary-lista. Det vart laga musikkvideoar til begge singlane, regisserte av Cameron Duddy. Den tredje singelen, «Brighton Beach», kom ut kort tid etter, med musikkvideo regissert av Zach Merck. «Beautiful Morning» kunne opphavleg lastast ned digitalt i 2012 via ein kode i CD-heftet til julemusikkalbumet Merry Christmas, Baby, men denne hadde ein annan miks enn den som kom ut på albumet Time.
I Storbritannia vart det gjeve ut ei dobbel luksusutgåve den 2. desember 2013. Denne inneheld konsertopptak frå konserten hans i 2013 på The Troubadour i West Hollywood. Konsertopptaka omfatta seks songar frå Time i tillegg til tidlegare hittar. Før denne doble utgåva kom ut, vart «Can't Stop Me Now» gjeven ut på singel og nådde 22. plassen på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista og 199. plassen på UK Singles Chart. «Sexual Religion» vart òg gjeven ut på singel i USA, er han nådde 45. plassen på Billboard's «Dance/Club Songs»-lista.[8]