Human er det 19. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut den 12. mars 2001 som det einaste han gav ut på Atlantic Records (Atlantic 7567-83411-2).
Albumet inneheldt singlane «Run Back Into Your Arms», «I Can't Deny It» og «Don't Come Around Here». «I Can't Deny It» vart ein moderat hit og albumet selde til gullplate i Storbritannia..[6]
Forutanom å vere det første albumet til Stewart på Atlantic, er Human det første albumet som ikkje inneheld ein original Stewart-song. På songen «Don’t Come Around Here» spelar Stewart med Helicopter Girl. Albumet vart spelt inn i Metropolis Studios i London; Riverside Studios i Fort Lauderdale; Round One Studios i Los Angeles og Olympic Studios i London.