«The Robots» (tysk Die Roboter) er ein song av det tyske electronicabandet Kraftwerk som kom ut på singel i 1978. Både singelen og B-sida, «Spacelab», kom ut på det sjuande studioalbumet deira, Die Mensch-Maschine. Begge songane på singelutgåva var korta ned.[1]
Tekst
Teksten referer til dei nyskpanande teknikkane innan robotteknologi, og korleis menneske kan nytte desse slik dei måtte ønskje. Dei russiske linjene «Я твой слуга» (Ja tvoi sluga, Eg er tenaren din) og «Я твой работник» (Ja tvoi rabotnik, Eg er arbeidaren din) (skrive på baksida av plateomsalget) vert repetert i introduksjonen og i mellomspelet. Hovudteksten («We're charging our batteries and now we're full of energy...») vert «sungen» gjennom ein vocoder. Wolfgang Flür, eit medlem av Kraftwerk på den tida, skreiv seinare Ich war ein Roboter (I Was a Robot på engelsk), som refererte til «The Robots».[2]
Konsertframføringar
Når songen vert framført på konsertane deira, så vert bandet som regel erstatta av robotar som liknar på bandmedlemmane.[3]
Lister
«The Robots» (1991 Remix)
I 1991 vart ein remix av songen gjeve ut som singel frå remixalbumet The Mix.
Lister
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samleplater | |
---|
Plateboksar | |
---|
Singlar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|