Karl Bartos (fødd 31. mai1952) er ein tysk musikar og låtskrivar. Mellom 1975 og 1990 spelte han i lag med Wolfgang Flür elektronisk perkusjon i electronicagruppaKraftwerk. Han vart opphavleg teken med for å spele på den amerikanske delen av Autobahn-turneen. I tillegg til å spele perkusjon, skreiv han musikk for Man-Machine, Computer World og Electric Café og song solovokal på sistnemnde.
Bartos, som var fødd i Berchtesgaden i Tyskland, forlét gruppa i 1990, visstnok fordi han var frustrert over at det gjekk for treigt då Ralf Hütter og Florian Schneider i aukande grad hadde vorte perfeksjonistar.