Radio-Activity (tysk tittel: Radio-Aktivität) er det femte studioalbumet til det tyske electronicabandetKraftwerk, som kom ut i oktober 1975. Den engelske og tyske utgåva er identiske utanom titlane, og begge har tekstar på begge språk. Albumet er eit konseptalbum.
Bakgrunn
Tittelen på albumet er eit ordspel som syner til radioaktivitet og aktivitet på radio. Fleire ordspel finst i songtitlane, som «Ohm Sweet Ohm» og «Radio Stars», som kan syne til popstjerner, medan teksten omhandlar kvasarar og pulsarar.
Dette var det første Kraftwerk-albumet som vart produsert av Hütter & Schneider aleine i Kling Klang studio, og det første som vart spelt inn med den «klassiske» besetninga med Hütter/Schneider/Bartos/Flür. All musikken vart skriven av Hütter/Schneider, medan Emil Schult samarbeidde på tekstane. Schult designa òg plateomslaget, ei modifisert utgåve av illustrasjonen for 'Deutscher Kleinempfänger' frå slutten av 1930-åra.
Det var det første Kraftwerkalbumet som nytta bruk av Vako Orchestron (kor, strykarar og orgellydar), som gruppa hadde kjøpt under den nylege amerikanske Autobahn-turneen og Moog Micromoog som vart mykje nytta på dette albumet. Mellom anna skapar det dei skurrande lydane på «Antenna». Det sjølvbygde elektroniske perkusjonsinstrumentet vert òg mykje nytta på albumet, og det same vart ein vocoder. Dei nytta òg dei vanlege synthesizerane (som Minimoog og ARP Odyssey), og Hütter sitt Farfisa elektroniske piano vart nytta på «Transistor». For første gongen på eit album nytta ikkje gruppa fløyte, fiolin eller gitarar.
I 1975 hadde den tidlegare distribusjonsavtalen til Hütter og Schneider med Capriccio Music og Star Musik Studio i Hamburg gått ut. Komposisjonane på Radio-Activity vart publiserte på deira eige selskap, Kling Klang Verlag, som gav dei større økonomisk kontroll over songane dei skreiv. Albumet var òg det første gjeve ut med distribusjonsavtale hos EMI. Albumet nådde 59. plass i Canada i februar 1976.
Tittelsporet «Radioactivity» vart gjeve ut som singel, og vart ein hitt i Frankrike eter at han vart nytta som kjenningsmelodi til eit populært musikkshow. Songen vart sidan spelt inn på ny av Kraftwerk for albumet deira The Mix i 1991. Han vart ytterlegare miksa for ei singleutgjeving av William Orbit og François Kevorkian.
Innhald
All tekst er skriven av Hütter/Schneider/Schult; all musikk er komponert av Hütter/Schneider.