«Tour de France» er ein song av Kraftwerk. Han vart først gjeve ut som singel i juni 1983 og nådde då 22. plassen på den britiske singellista. Han er kjend for bruken av sampla stemmer og mekaniske lydar frå syklar nytta som rytme. Musikken er skriven av Ralf Hütter, Florian Schneider og Karl Bartos med tekst av Ralf Hütter og Maxime Schmitt, ein franskmann som kjende bandet. Melodien verkar å nytte ein del av opninga til Paul Hindemith sin Sonate for Fløyte og Piano (“Heiter Bewegt”).
For Kraftwerk var «Tour De France» eit steg til sides for den teknologiske tonen på dei to førre albuma, Die Mensch-Maschine og Computer World. I staden var songen ei hyllest til sykling, som bandet var særs interessert i. Både Ralf Hütter og Fritz Hilpert frå den noverande besetninga av bandet har delteke i sykkelritt.
Songen skulle opphavleg gjevast ut på albumet Techno Pop, eit album det ikkje vart noko av. Singelen vart gjeven ut på 7" og 12" vinyl, og det er gjeve ut mange miksar av songen.