The Man-Machine (tysk utgåve Die Mensch-Maschine) er det sjuande studioalbumet til det tyske electronicabandetKraftwerk. Det kom ut 19. mai 1978 på Kling Klang i Tyskland og Capitol Records andre stader. Albumet var ei vidareutvikling av den mekaniske stilen deira, der dei innlemma meir dansbare rytmar og mindre minimalistiske arrangement. Det inneheld singlane «The Model» og «The Robots».
Sjølv om albumet i starten ikkje gjorde det så godt på den britiske albumlista, men nådde niandeplassen på albumlista i februar 1982[11] og vart dermed det nest mest suksessrike albumet deira i Storbritannia etter Autobahn (1974).[12]
Bakgrunn og innspeling
The Man-Machine er det første Kraftwerk-albumet der Karl Bartos er oppført som komponist i lag med Ralf Hütter og Florian Schneider. Emil Schult var med å skrive teksten til «The Model». AllMusic skildra albumet som «nærare stilen som kom til å definere tidleg new waveelectro-pop», og sa at det hadde «kjensla av eit delt konseptalbum», der somme songar (som tittelsporet og «The Robots») utforska «science fiction-aktige lenkjer mellom menneske og teknologi», og andre (som «Neon Lights» og «Metropolis») fokuserer på «glamouren ved urbanisering.»[1]Uncut kalla «The Model» ein «ironisk popsatire», og skreiv at «den enkle teksten eignar seg til vesentleg tolking.»[10]
Den første tyske utgåva vart trykt på raud vinyl. The Man-Machine selte til gullplate i Storbritannia i 1982 for 100 000 selte eksemplar.[13] I oktober 2009 kom ei ommastra utgåve av albumet på CD og digitalt format på Mute Records i Europa og Astralwerks i USA,[14][15] medan ei utgåve på tung vinyl kom ut i november 2009.[16]
Plateomslaget vart produsert av Karl Klefisch, basert på eit verk av den russiske suprematistenEl Lissitzkij - orda «Inspirert av El Lissitzky» står på omslaget. Baksida av omslaget er ei utgåve av ein grafikk frå barneboka til Lissitzkij kalla About Two Squares: A Suprematist Tale of Two Squares in Six Constructions.[17][18]
Mottaking
NME skreiv om albumet i 1978: «The Man-Machine står som ein milepåle i 70-tals rockemusikk. Dei enkle tekstane gjer at all vekta vert lagt på desse robotrytmane, dei kjølege tonane og utsøkte melodiane.»[19]Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa: «Berre ein surpomp kunne finne på å avvise ei gruppe som syntetiserer nyskapingane til Environments og David Seville & the Chipmunks, for ikkje å gløyme at det er betre klinemusikk.»[20] AllMusic skreiv at albumet er «mindre minimalistiske arrangement og meir komplekse og dansbare rytmar» enn dei tidlegare albuma til gruppa, og skreiv at det hadde ein «enorm innverknad» på påfølgjande synth-pop-artistar.[1]
Innhald
Alle songar er skrivne av Ralf Hütter, Florian Schneider og Karl Bartos, utanom der andre er nemnde.
↑«Kraftwerk: The Man-Machine». Q (London): 116. 2009. ISSN0955-4955. «As evidenced by the mesmeric groove of 'Spacelab,' their influence on the more electronic end of disco was feeding back into their own art ...»