Lorraine (tyskLothringen) er ein tidlegare region i Frankrike. Dei to største byane i regionen var Metz (administrativ hovudstad) og Nancy (historisk hovudstad). Namnet på regionen kjem frå Lotharingia i mellomalderen. Lorraine var ein administrativ frå 1982 til januar 2016, då han vart del av den nye regionen Grand Est saman med Champagne-Ardenne og Alsace.[1]
Geografi
Lorraine var den einaste franske regionen som grensa til tre andre land: Belgia (Wallonia), Luxembourg og Tyskland (Saar, Rhineland-Palatinate). Han grensa òg til dei franske regionane Franche-Comté, Alsace og Champagne-Ardenne. Denne plasseringa av Lorraine hadde gjort regionen til eit strategisk område gjennom tidene, og hadde spelt i svært viktig rolle i europeiske saker. Lorraine hadde òg mange elvar som rann gjennom seg, som Rhinen, Moselle, Meurthe og Meuse.
↑Regionen vart oppretta ved statleg dekret Décret 2016-1262 du 28/09/2016 portant fixation du nom de la région Grand Est, publié au JO du 30-09-2016, Légifrance.