Auvergne-Rhône-Alpes er ein administrativ region i Frankrike langs grensa mot Italia og Sveits. Lyon er regionshovudstad.
Regionen blei skipa 1. januar 2016 gjennom ei samanslåing av dei to tidlegare administrative regionane Auvergne og Rhône-Alpes.[1] Regionen omfattar dei tretten departementa Ain, Allier, Ardèche, Cantal, Drôme, Isère, Loire, Haute-Loire, Puy-de-Dôme, Rhône, Métropole de Lyon, Savoie, og Haute-Savoie.
Kjelder
Bakgrunnsstoff