Regionar i Frankrike er administrative einingar som delar landet inn i 18 område (franskrégions). Av desse ligg 13 regionar i Europa (France métropolitaine), medan fem er oversjøiske regionar som ligg i andre verdsdelar. Kvar av dei europeiske regionane er vidare delt inn i departement, medan dei oversjøiske regionane kvar utgjer både ein region og eit departement.
Andre folkesette oversjøiske område som høyrer til den franske republikken har større grad av lokalt sjølvstyre og er dermed ikkje regionar, men såkalla kollektiv, og er difor ikkje med på regionlista. Franske oversjøiske besittelsar utan fast busetjing har status som territorium, og er direkte underlagt den franske regjeringa.
Bakgrunn
Før den franske revolusjonen i 1789 var landet delt i provinsar. Provinsane blei oppheva og erstatta av departement den 4. mars 1790, og desse eksisterer enno som lokalt forvaltingsnivå. Departementa er styrte av ein prefekt (tilsvarande fylkesmann) og ei folkevald forsamling (conseil général). Dei 101 departementa var per 2016 delt inn i 35 585 kommunar, med eigne folkevalde ordførarar og kommunestyre. Også denne ordninga blei oppretta under revolusjonen.[1]
Regionane blei først skipa den 2. mars 1982 som eit nytt forvaltingsnivå mellom staten og departementa. Dei fleste regionane fall i stor grad saman med historiske provinsar og fekk namn etter desse. Regionane er styrte av eit folkevald regionråd (conseil régional) leia av ein president. Ansvarsområdet til regionane er hovudsakleg vidaregåande og høgare utdanning og forsking, yrkesopplæring, økonomisk utvikling, arealbruk og infrastruktur. I tillegg har dei ein rett til mogleg bruk av lokal folkerøysting. Frå 1. januar 2016 blei talet på regionar i France métropolitaine redusert frå 22 til 13.
Regionane
17. desember 2014 vedtok det franske parlamentet ein lov som reduserte talet på regionar i France métropolitaine frå 22 til 13, gjeldande frå 1. januar 2016.[2] Dei oversjøiske regionaneGuadeloupe, Martinique, Fransk Guyana, Réunion og Mayotte blei ikkje råka av dei territorielle endringane i regioninndeling.
Regionane fekk mellombelse namn som, bortsett frå for Normandie, var ei alfabetisk opplisting av namna på regionane som var slått saman. Endelege namn blei vedtekne av dei folkevalde forsamlingane til dei nye regionane (vald i desember 2015) innan 1. juli 2016.[3] 1. oktober 2016 var sett som frist for statsrådet si godkjenning av nye namn.[4][5] Namna blei endeleg fastsette ved dekret vedteke den 28. septemberen 2016 og offentleggjort i Journal officiel den 29. september 2016.[6]
Dei samanslåtte regionane med mellombelse og nye namn er:[4][5]