Elva har sitt utspring på vestsida av Ballon d'Alsace i Vogesane. Mosel renn gjennom regionen Lorraine, vest for Vogesane. Etter kvart renn ho inn i Tyskland, og Moseldalen dannar området mellom fjellregionane Eifel og Hunsrück. Den totale lengda hennar frå utspringet til munningen er om lag 545 km.
Moseldalen er kjend for sine vakre omgivnadar og den gode vinen som vert produsert her, mellom anna i vinområdet Mosel-Saar-Ruwer. Dei mest kjende vinane som vert produsert her er Riesling, Elbling, Müller-Thurgau og Kerner. Den tyske delen av Mosel er ein populær turiststad.
Litteratur
Mosel vart hylla i Mosella, eit romersk dikt av Ausonius frå antikken. På 1900-talet vart elva og den lokale historia til byane langs breidda av ho skildra av den britiske reiseforfattaren Roger Pilkington.
Slott
Burg Thurant: Nær landsbyen Alken står Thurant slott, som vart bygd på 1200-talet. Det er det einaste tvillingtårna slottet langs Mosel.
Burg Eltz: Familien von Eltz sitt slott, som går tilbake til 1500-talet. Det er framleis privateigd, men er ope for turistar.
Burg Pyrmont: Dette slottet frå 1200-talet vart omforma og utvida fleire gongar under barokken
Cochem-slottet: Slottet i Cochem vart opphavleg bygd på 1000-talet, men vart totalt øydelagd av franske soldatar i 1869. Det noverande slottet vart bygd opp att på 1800-talet.
Burg Bischofstein: På andre sida av elva frå byen of Burgen står dette slottet frå 1200-talet. Det vart øydelagd under Den pfalziske tronfølgjekrigen, men rekonstruert og er i dag ein tilfluktsstad for Fichte Gymnasium i Krefeld.