Thionville (tysk Diedenhofen, luxembourgsk Diedennuewen) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg nær elva Moselle
Historie
Området var i antikken busett av den germanske alemannarstamma. Kyrkjemøtet i Thionville vart halde her frå 2. februar 835 med 43 biskopar. Det gjeninnsette Keisar Ludvig I av Det tysk-romerske riket og omstøytte dei tidlegare dommane hans, som han alle var uskuldige i, og avsette erkebiskopen av Reims, Ebbo. 28. februar 835 innrømte Ebbo i Mainz at Ludvig ikkje hadde gjort nokre av lovbrota som gjorde at han vart avsett som keisar i Det tysk-romerske riket.
Eskil, erkebiskop av Lund vart fengsla i Thionville då han kom tilbake frå ei pilegrimsferd til Roma i 1153.
Omleiringa av Thionville skjedde i juni 1639 under trettiårskrigen.
Forfattaren François-René de Chateaubriand vart etterlaten for å døy under Condé sin militære émigré-ekspedisjon mot Thionville i 1792.
I åra 1870-1918 var Thionville ein del av Tyskland med det tyske namnet Diedenhofen.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Thionville