Dette er ei oversikt over medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll, det vil seie dei 112 eidsvollmennene og kor dei var utsende frå til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.
Av dei 112 medlemmene av riksforsamlinga vart 33 peika ut blant dei militære. Dei andre vart peika ut som representantar for landdistrikt og byar. Embetsmennene dominerte forsamlinga med meir enn halvparten av medlemmene. Men ingen av dei var mellom dei mest framståande embetsmennene i Noreg. Over halvparten var juristar og det var femten teologar (prestar), 44 av dei 112 hadde utdanning frå Universitetet i København.[3] Ei handfull av medlemmene var store bruks- og godseigarar og 13 var kjøpmenn. Kristian Fredriks valreglar hadde gjort at gardbrukarane blei godt representert, i alt blei nærare ein tredel av forsamlinga gardbrukarar.
Forsamlinga bestod av utpeikte representantar frå heile Noreg med unntak av Nord-Noreg.[4]
Fleire av Eidsvollsmennene var unge. Gjennomsnittsalderen for riksforsamlinga var 42,8 år.[5]
Tabellen viser alle eidsvollmenn med yrke (stilling), alder og «parti». Valentin Sibbern er ført opp to gonger: Han blei vald som representant både for Smålenenes amt og Akershus ridende Jegerkorps, men tok plass som representant for si militære eining på Eidsvoll.[6] Peter Motzfeldt blei vald til ein av Bergen by sine representantar, men vart samstundes vald av artillerikorpset og inntredde etter råd frå Kristian Fredrik som representant for korpset.[7]
Det var ingen representantar frå dei nordnorske fylka (amta) til stades på Eidsvoll. Dette kom mellom anna av at kommunikasjonane var dårleg utbygd og reise- og post-tidene lange. Det er ikkje desto mindre også påvist at biskop Mathias Bonsach Krogh, som hadde fått ansvar for å setje i gang valprosessen av Kristian Fredrik, ikkje forhasta seg i dette arbeidet, men tvert imot skreiv til prinsregenten at val «ei nu kan skee i Nordlandene og Finmarken».[9]
Forseinkinga gjorde at amtmannen i Finmarken (no Troms og Finnmark) fekk meldinga om at det skulle haldast riksforsamling først fire dagar etter at denne var tredd saman. Vidare brev til sokna i landsdelen gjekk ut 14. mai med ordre om at det skulle veljast representantar til eit møte i Tromsø 24. juli–1. august for å velje eidsvollmenn frå amtet.
16. juli fekk amtmann Johan Caspar Krogh melding sørfrå om at Grunnlova var vedteke og at Kristian Fredrik var konge. Dette var alt for seint til å avlyse møtet. Krogh avgjorde å halde val likevel 1. august, men da til det første ordinære Storting, som var planlagt våren 1815. Dette var det aller første stortingsvalet i Noreg.[10]
Konflikta med Sverige leia til at heller ikkje dette valet fekk noka praktisk tyding. Etter Mossekonvensjonen av 14. august blei eit omframt Storting kalla inn til 7. oktober. Til Tromsø kom innkallinga ikkje før 20. oktober. Ein av de valde, gardbrukaren og tømraren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord, drog straks av garde. Han kom så langt som til Bodø, men derfrå vendte han heim da han fekk vite at Stortinget alt hadde avslutta forhandlingane.
Dei tre som vart valde frå Finmarken var pastor Niels Drejer frå Hammerfest, handelsmann og distriktssjef i Kystvernet Lorenz Peter Jessen frå Klauva i Senja, og gardbrukaren Henrik Larsen Skjæret frå Balsfjord.[11] Sjølv om amtmannen hadde avgjort at desse tre skulle møte på det første ordinære Storting i 1815, vart dei aldri stortingsmenn. Det blei halde nye val neste år til dette Stortinget, og andre menn blei valde frå Finmarkens Amt: Johannes Henriksen Aas, Nils Normann og Wilhelm Henrik Klerck.
Situasjonen var noko annerleis i Nordland. Hit kom meldinga om at riksforsamlinga på Eidsvoll var avslutta såpass tidleg at amtmannen fann det nyttelaust å kalle inn til valmøte. Nordland var dermed det einaste amtet som ikkje valde utsendingar til grunnlovsforsamlinga.[12]