Talleiv Olavsson Huvestad (1761–13. juli1847) var ein norsk gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Skafså i Telemark.
Huvestad var fødd på garden Storåsli i Skafså. I ungdomen var han omgangsskulelærar. Frå 1794 var han gardbrukar på Huvestad i Eidsberg sokn i Lårdal. Han var 1809-30 medhjelpar åt sokenpresten.
I 1814 var Huvestad utsending frå Bratsbergs amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Stortingsrepresentant i 1818, medlem av sju komitear. Mellom dei var komiteen om utvidinga av Holmestrand, og om utlevering av tjuvar mellom Noreg og Sverige. Han skal ha arbeidd målbevisst for å fremje bondeinteressene.
I 1826 tok han kår, døydde på Huvestad i 1847.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914