Peder Jørgen Clouman (14. april 1747–22. desember 1817) var ein norsk fut og eidsvollsmann.
Clouman var fødd i Strandebarm i Hordaland, der faren hans var prest. Han var fut i Øvre Telemark frå 1772 til 1811. Riddar av Dannebrog i 1809.
I 1814 var Cloumann utsending frå Bratsbergs amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han høyrde til unionspartiet.[1]
Kjelder