Det let seg ikkje gjere å definere innhaldet i kristen tru eintydig, sidan ulike kristne samfunn kan ha ulikt læregrunnlag. Felles for fleire kristne samfunn, er
Trua på ein evig Gud[1] (Etter kristen lære har ingen nokon gong sett Gud,[2] og det vil blant kristne finnast mange ulike gudsbilete.)
Trua på det dualistiske prinsippet, at det finst ein vond kraft, ein djevel, som utgjer den diametrale motsetnaden til Gud, som står for det einaste gode, og at menneska har evne til å velje mellom å underkaste seg denne vonde krafta eller Gud. Menneska vert freista av den vonde krafta, og må stå imot for å velje det gode.
Trua på at Gud let seg føde på Jorda som Jesus Kristus, for å openberre seg for menneska (Joh. 17.6), at han tok på seg skylda for syndene til menneska, at han vart avretta på krossen og at han stod opp frå dei døde.
Trua på at det finst eit fellesskap av kristne som fortel vidare det Gud gjennom Jesus har lært menneska, og at Guds Heilage ande er til stades i dette fellesskapet (Matt. 28.20).
Trua på at kvar den som trur på Jesus Kristus har evig liv i han (Joh. 3.16).
Trua på at kvar den som trur på Jesus Kristus har evig liv i han, heng saman med ei tru på dommedag. Det skal kome ein siste dag i denne verda då kvart einaste menneske, både dei levande og alle dei tidlegare avlidne, skal stå til rette framfor Gud/Jesus for sitt liv og sine gjerningar. Deretter kjem det eit framtidig liv i eit guddommeleg paradis for dei som vert godteke som meir eller mindre syndfrie, eller som vert tilgjevne sine synder. Somme kyrkjesamfunn legg stor vekt på at dei menneska som ikkje stetter krava til å få ein slik dom, vert teke til eit underjordisk helvete der dei vert pinte i all framtid, medan andre kyrkjesamfunn legg mindre eller inkje vekt på denne såkalla helveteslæra, men poengterer at Gud er god og har stor vilje til å tilgje menneska syndene deira.
Kristne samfunn
Det kristne fellesskapet har fått sin organisasjon i den kristne kyrkja. Her vart den kristne læra utvikla vidare.
Heilage skrifter
Dei heilage skriftene til den kristne kyrkja er samla i Bibelen. Han omfattar Det gamle testamentet, som er basert på den jødiske Tanákh, og Det nye testamentet, som fortel om livet og læra til Jesus og disiplane hans, og om apostlane si rettleiinga av dei første kristne kyrkjelydane. I tillegg har kyrkjene utvikla forskjellige kristne vedkjenningsskrift.
Religionen var først ei av mange jødiske sektar i den daverande romerske provinsenJudea. Han spreidde seg til fleire delar av verda, som India, Etiopia, Egypt og Romarriket. Kristendommen har blitt farga av dei samfunna han har utvikla seg i, slik at han frå først av vart påverka av hellensk kultur, sidan av romersk kultur. I år 312 e.Kr. vart den romerske keisaren Konstantin I kristen, og året etter innførte han kristendommen som statsreligion i Romarriket.
Noreg
Noreg blei kristna rundt år 1000, og kristendommen fekk sitt endelege gjennombrot i statsstyringa etter at Olav den heilage fall på Stiklestad.
Sjølv om Olav den heilage fekk størstedelen av æra for å ha kristna Noreg, tok prosessen mykje lengre tid enn dette. Den første kristne kongen i landet var Håkon Adalsteinsfostre, som regjerte i tida 935-961. Han blei døypt i England, der han blei fostra opp. Også Olav Tryggvason (regjerte i perioden 995–1000) var kristen. Han blir òg rekna som den første som bygde kyrkje i landet.