Aron er eit mannsnamn av jødisk opphav med uviss tyding. Det blir også skrive Aaron. Aron har namnedag i Noreg den 1. april.
Tyding
Det hebraiske Ahărōn (אהרן) har ukjend tyding. Tolkingar seier det tyder 'martyrberar', 'opphøgd', 'høgt fjell' eller 'styrkefjell'. Det kan òg stamma frå gammalegyptiskaha rw, 'krigar-løve'.
Bruk
Namnet er kjent i Noreg frå om lag 1340.
I 2009 var det 799 menn som heitte Aron i Noreg. Bruken av namnet har vore i kraftig vekst i 2000-åra.
↑«2 Mos 4,14». Bibelen. «Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad.»»