Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.
Ordet Tanákh
Ordet kan òg bli skrive som Tenakh, Tanach, Tenach eller TN"K. I hovudsakleg kristne teologiske krinsar finst òg forma Tanak.
Tanákh er i seg sjølv eit akronym for dei tre hovuddelane av den jødiske Bibelen:
- Torá [תּוֹרָה] («Lova»; òg kalla Læra eller Instruksjonen)
- Nebiím [נְבִיאִים] («Profetane»)
- Ketubím [כְּתוּבִים] («Skriftene» eller «Heilagskriftene»)
Synonym
- Mikrá (hebraisk מקרא)
- Den hebraiske Bibelen
- Den jødiske Bibelen
Liste over bøkene i Tanákh
- Fyrste Mosebok
- Andre Mosebok
- Tredje Mosebok
- Fjerde Mosebok
- Femte Mosebok
- Nebiím risjoním (Dei tidlege profetane)
- Josva
- Dommarane
- Samuelsbøkene (1-2)
- Kongebøkene (1-2)
- Nebiím aharoním (Dei seinare profetane)
- Jesaja
- Jeremia
- Esekiel
- Teré asár (Dei tolv (mindre profetane))
- Hosea
- Joel
- Amos
- Obadja
- Jona
- Mikha
- Nahum
- Habakkuk
- Sefanja
- Haggai
- Sakarja
- Malakhi
- Salmane
- Salomos ordtøke
- Job
- Megillot (Skriftrullane)
- Høgsongen
- Rut
- Klagesongane
- Forkynnaren
- Ester
- Daniel
- Esra–Nehemja:
- Esra
- Nehemja
- Krønikebøkene (1-2)
Bakgrunnsstoff