Pave er tittelen til den øvste leiaren av den katolske kyrkja. Paven er formelt biskop av Roma og statsoverhovud for Vatikanstaten. Den øvste leiaren for den koptiske kyrkja blir og kalla pave.
Den katolske kyrkja reknar pavestillinga for å ha blitt stifta av sjølvaste Jesus Kristus, som utnemnde apostelen Peter til overhovud for dei som skulle følgja han. Paven blir då òg ofte omtala som «Peter sin etterfølgjar». Andre titlar som blir brukte er den opphavleg heidenske «Pontifex Maximus» (øvste brubyggjar) og «Servus Servorum Dei» (Tenar av Guds tenarar).
Ordet «pave» kjem frå latin papa, som tyder ‘far’. Dette blei brukt til å tiltala biskopar, men frå 300-talet var det berre brukt som tittel for biskopen av Roma.
Tidlegare styrte pavane over store delar av Italia, men denne kyrkjestaten forsvann i 1870 då han blei innlemma i den nye italienske staten. Paven trekte seg då tilbake til Vatikanet og nekta å ha noko med Italia å gjera. Først i 1920-åra klarte den dåverande italienske leiaren, Benito Mussolini, å oppnå forsoning med paven.
Til tider har det vore meir enn éin pave. I ettertid har éin av dei fått status som den ekte paven, medan dei andre blir rekna som motpavar. Desse står i lista i kursiv.
Paverekkja går langt tilbake, og nokre opplysingar er usikre. Ho blir nå og då oppdatert. Denne lista er basert på den offisielle lista frå Vatikanet som blir gjeven ut i årboka for den katolske kyrkja, Annuario Ponteficio.
Nummereringa av pavar er feilaktig for tre namn: