Avignon

Avignon
Avinhon
Avignoun
by
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Provence-Alpes-Côte d'Azur
Departement Vaucluse
Høgd 23 m
Areal 64,91 km²
Folketal 91 760 (1. januar 2022)
Tidssone CET (UTC+1)
Kart
Avignon
43°56′55″N 4°48′30″E / 43.948611111111°N 4.8083333333333°E / 43.948611111111; 4.8083333333333
Wikimedia Commons: Avignon

Avignon (oksitansk Avinhon eller Avignoun) er ein by sør i Frankrike og har eit folketal på nær 90 000. Etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 290 466 innbyggjarar.

Byen er mest kjend for si historiske rolle som sete for fleire pavar på 1300-talet.

Geografi

Avignon er prefecture (hovudstad) i departementet Vaucluse, og ligg på venstre sida av elva Rhône, eit par kilometer ovanfor staden der elva renn i hop med Durance, og om lag 580 km søraust for Paris, 143 km sør for Lyon og 85 km nordvest for Marseille. Byen utgjer kjernen i eit område kalla Stor-Avignon, som består av tolv kommunar fordelt på begge sider av elva Rhône: Les Angles, Rochefort-du-Gard, Saze et Villeneuve-lès-Avignon i departementet Gard og Avignon, Caumont-sur-Durance, Jonquerettes, Morières-lès-Avignon, Le Pontet, Saint-Saturnin-lès-Avignon, Vedène et Velleron i departementet Vaucluse.

Avignon vert ofte råka av kraftig vind, og den kraftigaste av desse er mistralvinden. Eit noko overdrive ordtak seier: Avenie ventosa, sine vento venenosa, cum vento fastidiosa («Vindfulle Avignon, plaga av pest når det ikkje er vind, plaga av vind når det er»)

Historie

Brua Pont Saint Bénézet til venstre.
Foto: Rolf Süssbrich

Ei høgd ved nordenden av byen, Rocher les Doms, har spor etter ei festning eller ein festningsby som er datert til keltisk tid. I romersk tid var byen eit viktig senter i Gallia Narbonensis, men med unntak av nokre få restar av eit forum ved Rue Molière er det lite spor etter denne tida. Under invasjonane på 400-talet vart byen sterkt skada, og i 737 vart han øydelagd av frankarane under Karl Martell etter at borgarane hadde tatt arabarane si side. Etter dette høyrte byen først til kongedømet Burgund og sidan til kongedøme Arles.

Mot slutten av 1100-talet erklærte byen seg som sjølvstendig republikk. Denne perioden tok slutt i 1226, då Ludvig VIII av Frankrike tok byen og øydela festningsverka som straff for at dei hadde støtta katharane. Avignon vart først gjeve til greven av Provence, og så vidare til greven av Toulouse.

Kyrkjehistorie

Avignon vart bispesete svært tidleg, i følgje enkelte kjelder så tidleg som år 70. Meir sikker er ein på at det var eit bispesete i byen frå 300- eller 400-talet. I 1475 vart dette oppgradert til metropolitterkebispedøme. Frå 1801 var det igjen eit vanleg bispedøme, men i 1822 vart det igjen opphøgd til metropolitterkebispedøme. Siste endring så langt var i 2002, då det var erkebispedøme utan suffraganar.

Pavane i Avignon

I 1303 oppretta pave Bonifatius VIII eit universitet i byen, som vart vidkjent for sine jusstudiar. Universitetet var av Frankrike sine beste i dette faget fram til den franske revolusjonen.

Palais des Papes – 'Pavane sitt palass'.

Klemens V valde i 1309 å busetje seg i Avignon. I 1348 selde grevinne Jeanne av Provence byen til pave Klemens VI for 80 000 gullgylden. Sjølv om byen etter at Gregor XI flytta til Roma i 1377 var sete for fleire motpavar høyrte han til Den heilage stolen fram til 1791, då han vart innlemma i Frankrike. Då Kyrkjestaten og dei tilhøyrande pavelege bilanda vart restituerte under Wienerkongressen i 1815, var Avignon eit av unntaka – saman med det omliggande Venaissin vart område verande fransk.

Pavane som hadde sete i byen var:

Perioden der pavane hadde sete i Avignon, frå 1309 til 1377, har vorte kalla pavane sin «babylonske fangenskap». Det pavelege hoffet var prega av korrupsjon og ein livsstil som var meir laussleppt enn det ein ventar av pavar. Av kritikarar av korrupsjonen i byen finn ein mellom anna Francesco Petrarca, som medverka til å gjere pavane oppmerksam på kor pinleg situasjonen byrja å verte. Denne italienske humanisten og diktaren budde i lange periodar i Avignon. Det var òg to kvinner som spesielt markerte seg i arbeidet for å få pavane tilbake til sitt eigentlege bispesete, Roma, nemleg Katarina av Siena og den svenske Birgitta av Vadstena.

Paven sin avreise til Roma i 1377 utløyste det store vestlege skismaet. To motpavar, Klemens VII og Benedikt (XIII) heldt til i byen fram til 1408, da Benedikt flykta til Aragon.

Murane som vart bygd av pavane i åra før 1348 er godt bevart. Dei utgjer ikkje spesielt sterke festningsverk sidan pavane i staden sette sin lit til å lage festningsverk rundt sjølve pavepalasset, Palais des Papes. Den gotiske bygningen, reist 1335–1364, har veggar som er meir enn 5 meter tjukke, og ligg på ein naturleg klippe som gjer han vanskeleg å gå til åtak på. Etter revolusjonen vart han i mange år nytta som militærforlegning, og er no eit museum.

Etter at skismaet hadde enda vart Avignon styrt av pavelege legatar som ein del av Pavestatane. Byen var heile tida trua av franske styrkar, som haldt til i ein stor garnison i Villeneuve-les-Avignon på den andre sida av elva.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Avignon

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!