Jurij Georgijevitsj Sedykh[a] (fødd 11. mai1955) er ein sovjetisk/ukrainsk tidlegare sleggjekastar som representerte Sovjetunionen. Mellom 1976 og 1991 vart han to gongar olympiameister, tre gongar europameister og til sist verdsmeister i øvinga han tevla i. Han forbetra verdsrekorden i sleggjekast fem gongar, siste gongen til 86,74 m. under EM 1986 i Stuttgart, gjeldande verdsrekord også i 2012.
Sedykh flytta i 1992 til Paris i Frankrike, der han sidan har undervist i ulike idrettsfag på universitetsnivå.