Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Libor Charfreitag

Libor Charfreitag


Statsborgarskap Slovakia
Fødd 11. september 1977 (47 år)
Trnava
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Libor Charfreitag (fødd 11. september 1977) er ein slovakisk tidlegare sleggjekastar frå Trnava. Han vart europameister i sleggekast i 2010 og fekk VM-bronse i 2007. Charfreitag sin personlege rekord på 81,81 meter vart oppnådd under eit stemne i Praha i 2003.

Aktiv

Charfreitag deltok mellom 2002 og 2010 i ei rad meisterskapsfinalar. Første gongen, i EM 2002 i München, vart han nummer sju. Same plasseringa oppnådde han under OL 2004 i Athen.

I 2007 vann Charfreitag den fyrste medaljen i eit stort internasjonalt meisterskap, då han kom på bronseplass i sleggetevlinga under verdsmeisterskapen i Osaka. I finalen presterte han sitt lengste kast for sesongen, 81,60 m, men kunne ikkje hamle opp med korkje Ivan Tsikhan eller Primož Kozmus. Charfreitag nådde sitt mål om ein meisterskapstittel då han vann europameisterskapen 2010 med eit kast på 80,02 m, og slo italienaren Vizzioni med nesten ein meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya