Pontoise er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by og er ein del av den «nye byen» Cergy-Pontoise. Han ligg 28,4 km frå sentrum av Paris. Pontoise er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Val-d'Oise.
Historie
Pontoise er den historie hovudstaden i Vexin français. Han vart grunnlagd i romartida som Pontisara. På den tida førte eit steinoverheng ved elva Oise til at det vart lettare å forsvare vadestaden over elva langs den romerske vegen Chaussée Jules César mellom Lutetia (Paris) og Rotomagus (Rouen). Vegen eksisterer framleis i dag, og er no ein del av N14 frå Paris til Rouen.
Bakgrunnsstoff