«Killer Queen»«Forever» (12"-singel)
«Who Wants to Live Forever» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han er den sjette songen på albumet A Kind of Magic, gjeve ut i juni 1986, og vart skriven av Brian May for filmen Highlander.[1] Songen nådde 24. plassen på den britiske singellista.[2]
Songen vart nytta i scener i filmen der rollefiguren Connor MacLeod må takle at kona hans Heather MacLeod vert gamal og døyr, medan han, som uøydeleg mann, alltid vil vere ung. Songen vart sidan òg nytta i Highlander: The Series. Tittelen på songen er henta frå ei linje frå ein annan film som Queen skreiv musikk til, Flash Gordon og er basert på May sine eigne personlege problem[3] (faren til May døde og det første ekteskapet hans tok slutt).
I filmversjonen syng Freddie Mercury all solovokal, medan May syng solovokal på det første verset på albumversjonen, før Mercury tar over for resten av songen, utanom linja «But touch my tears with your lips», som vert sungen av May. Ein instrumental versjon av songen, kalla «Forever», vart inkludert som eit bonusspor på CD-versjonen av albumet. Instrumentalen vert berre framført på piano, med klaverakkompagnement under refrenget. Pianoet vart spelt av May. Queen vart akkompagnert av eit orkester, orkestrert og dirigert av Michael Kamen.[1] Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.
Songen vart spelt i siste episode av Eastbound & Down.
Videoen var regissert av David Mallet og filma i eit (no øydelagd) lager i Tobacco Wharf i East End i London i september 1986.[4] National Philharmonic Orchestra og førti korgutar spelte i videoen, mellom mange hundre stearinlys.[4] Det er den einaste Queen-videoen der bassisten John Deacon spelar ein kontrabass. I eit intervju for Greatest Video Hits II var Roger Taylor full under filminga.
Ein alternativ versjon med klipp frå filmen Highlander finst på ein videosingel med «A Kind of Magic» frå oktober 1986 og seinare som ein løynd musikkvideo på DVDen Queen Greatest Video Hits II i november 2003.[4]
Det tyske bandet Dune spelte inn ein versjon av «Who Wants to Live Forever» frå albumet Forever og gav han ut som singel i oktober 1996.
Dune-versjonen selde meir enn 500 000 eksemplar i Tyskland og nådde tredjeplassen på den austerrikske singellista, niandeplassen på den sveitsiske lista, 12. plassen på den nederlandske lista og 59. plassen på den svenske lista.
Gjeve ut: 4. desember 1996
Musikkvideoen vart filma i Dei skotske høglanda.
Sopranen Sarah Brightman gav ut ein versjon av «Who Wants to Live Forever» på albumet Timeless/Time to Say Goodbye, og som singel i 1997. Singelen nådde 45. plassen på den britiske singellista.