«Las Palabras de Amor (The Words of Love)» er ein rockeballade av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet Hot Space i 1982. Songen var skriven av gitaristen Brian May og var langt meir populær i Storbritannia enn den førre singelen deira («Body Language»), med ein 17. plass på UK Singles Chart.[1]
Bakgrunn
Teksten vart skriven av gitaristen Brian May[2] og sungen av Freddie Mercury med May på lys harmonivokal. Songen var inspirert av det nære forholdet mellom bandet og fansen deira i Latin-Amerika. Songen gav dei speletid på Top of the Pops og det var siste gongen spelte i programmet. Under framføringa mima May føre eit flygel, sjølv om det ikkje er piano på songen, berre synthesizer.
Under the Freddie Mercury Tribute Concert på Wembley Stadium i 1992 var dette den tredje songen i den andre halvdelen, framført av Zucchero og Queen.[3] Under Queen + Paul Rodgers Rock The Cosmos-turneen i 2008 vart songen spelt i spansktalande land, sungen av May.
Songen finst på Greatest Hits III.[2]
Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen for albumet The Queen Album i 1988.[4]
Medverkande
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff