«Rotwang's Party (Robot Dance)»
11. september 1984 (US)
(1985)
«Love Kills» er ein song av Freddie Mercury, og den første songen han spelte inn som soloartist. Songen vart opphavleg nytta i Giorgio Moroder si utgåve frå 1984 av musikken til stumfilmen Metropolis frå 1927. I 1985 vart filmen nominert til verste filmmusikk ved Gullen Raspberry Awards, og sjølve songen vart nominert til verste song.[2] Singelen nådde uansett tiandeplassen på den britiske singellista.
«Love Kills» vart òg nytta under rulleteksten til filmen Loaded Weapon 1 i 1993. I 2009 vart ein versjon av den engelske synthpop-songaren Little Boots gjeven ut på EPane hennar, Little Boots og Illuminations. I 2014 omarbeidde Brian May og Roger Taylor ein tidlegare uutgjeven balladeversjon av songen for det nye samlealbumet Queen Forever, eit album som fokuserer Queen sine kjærleikssongar og balladar.
Ein balladeversjon av songen, som ikkje tidlegare var gjeven ut, vart omarbeidd av Brian May og Roger Taylor for samleplata Queen Forever. Queen-versjonen er er ein nedstrippa balladeversjon, medan Mercury-versjonen har langt meir energirik. «Love Kills» vart opphavleg skriven for det ellevte Queen-albumet, The Works, men vart ikkje nytta.