Volume Two er det andre studioalbumet til Soft Machine, utgjeve i 1969. Humoren, dadaismen og psykedeliaen frå The Soft Machine (1968) er her ført vidare med ein smak av jazz.
Albumet var inspirert av Frank Zappa sitt Absolutely Free, og består av to lange komposisjonar – «Rivmic Melodies » og «Esther's Nose Job» – med «As Long as He Lies Perfectly Still» og «Dedicated to You» som mellomspel. Etter anbefaling frå Zappa, delte bandet hovudspora opp i mindre stykke som fekk vilkårlege namn etter lydeffektbanda i studio.[2]
I teksten til «Have You Ever Bean Green?» takka Soft Machine Jimi Hendrix Experience, som dei nettopp hadde turnert med gjennom USA i 1968. Som oppvarmingsband for Hendrix vart dei eksponert fort eit stort publikum for første gongen. Tittelen på denne songen er eit ordspel på refrenget i Hendrix-songen «Are You Experienced?», «Have you ever been experienced?». Wyatt takka «Brian» (Brian Hopper) og «George» (lydteknikar George Chkiantz) i den neste delen, Pataphysical Introduction – Pt. 2, som òg inneheld eit sitat frå «These Foolish Things». Tittelen på komposisjonen på side to, «Esther's Nose Job», kjem frå eit kapittel i Thomas Pynchon-romanen V.