Summers vart fødd i Poulton-le-Fylde i Lancashire i England[1] Som ung flytte familien til Bournemouth i Dorset, der han gjekk på Summerbee School[1] og byrja 14 år gammal å spele gitar. 17 år gammal spelte han på lokale klubbar. Som tenåring arbeidde han i ein musikkforretning i Bournemouth som ein ung Robert Fripp ofte vitja.[2] Sjølv om Summers hovudsakleg lærte seg sjølv å spele gitar, studerte han klassisk gitar på California State University i Northridge[3][4] i fire år fram til 1973.
Summer vart internasjonalt kjend som gitarist for The Police (som han først hadde kontakt med i 1977, og var nesten ti år eldre enn resten av bandmedlemmane). Han spelte på store hittar som «Message in a Bottle», «Don't Stand So Close to Me» og «Every Breath You Take».
Summers skreiv òg songar for the Police, som «Omegaman»[6] og «Mother».[7] I 1980 vann instrumentalen hans «Behind My Camel»[2] Grammyprisen for beste rockeinstrumental. Sjølv om det var Sting som i hovudsak var vokalisten, song Summers solo på fleire songar, som «Be My Girl Sally», «Friends», «Someone to Talk to» og «Mother».[8]
Etter Police
Etter at The Police vart oppløyst i 1984 heldt Summers fram karrieren sin, både som soloartist og i samarbeid med andre musikarar. Han starta òg ein karriere som forfattar og fotograf.
↑ 1,01,11,21,31,4Chris Welch (1996). The complete guide to the music of the Police and Sting. London: Omnibus Press. s. xii. ISBN9780711953024. «Andy Summers was born Andrew James Somers on December 31, 1942. in Poulton-le-Fylde. Lancashire.»
↑ 2,02,1Summers, Andy (2006), One Train Later: A Memoir, New York, N.Y.: Thomas Dunne
↑ 3,03,13,23,3Pete Prown and HP Newquist (1997). Legends of rock guitar : the essential reference of rock's greatest guitarists. Milwaukee, WI: Leonard. s. 176. ISBN9780793540426.
↑«Ghosts In The Machine». Gitar World (Future US) (Vol. 28, Num. 10): 47. October 2007. ISSN1045-6295.
↑Bennett, Graham (2005). Soft machine. London: SAF. s. 141. ISBN9780946719846.
↑Chris Welch (1996). The complete guide to the music of The Police and Sting. London: Omnibus Press. s. 25. ISBN9780711953024.
↑Chris Welch (1996). The complete guide to the music of The Police and Sting. London: Omnibus Press. s. 31. ISBN9780711953024.
↑Frank W. Hoffmann, Howard Ferstle (2005). Encyclopedia of recorded sound. New York, NY: Routledge. s. 845. ISBN9780415938358.