The Greatest Hits of Eric Burdon and The Animals er ei samleplate av The Animals frå dei siste tre besetningane deira, perioden då dei spelte psykedelisk rock. Det vart gjeve ut i mars 1969 i USA og var det siste albumet MGM Records gav ut med bandet. Trass i at tre av songane hadde nådd minst Topp 15 i USA, selde samleplata dårleg og nådde berre 153. plass på Billboard 200.