Lowrey-orgel er eit elektrisk orgel kalla opp etter utviklaren av orgelet, Frederick C. Lowrey (1871-1955), som var ein Chicago-basert industrimann og entreprenør.[1] Det første elektriske orgelet i full storleik av Lowrey som selde godt, var Model S Spinet eller Berkshire, og kom på marknaden i 1955, same året han døydde.[2] Lowrey hadde tidlegare utvikla ekstra utstyr for piano, som la til elektriske orgelpiper på 60 notar, samstundes som pianoet var fullt funksjonelt. Dette vart kalla Organo og vart først marknadsført i 1949[3] som ein særs suksessrik konkurrent til Hammond Solovox.
I 1960- og 1970-åra var Lowrey den største produsenten av elektriske orgel i verda.[1] I 1989 produserte Lowrey Organ Company orgel nummer éin million.[4] Fram til 2011 vart dei moderne Lowrey-orgla bygde i LaGrange Park i Illinois, før produksjonen av somme modellar vart flytta til Indonesia.
↑ 1,01,1Girardot, Jan (2007). «Organ Tradenames». Musical Instrument Technicians Association. Arkivert frå originalen 13. september 2020. Henta 11. august 2019.
↑ 2,02,1
Frank Pugno, Bil Curry (3. november 2005). «LOWREY ORGANS». Electronic Organs (theatreorgans.com/hammond/keng/kenhtml/electronicorgans.htm). VintageHammond.Com.
↑Davies, Hugh. «Organo». Grove Music Online. Oxford University Press. Henta 13. september 2020.