Ole Olsson Amundrød eller Olsen, (30. mai1771–24. mars1835) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.
Ole Olsson Amundrud var frå garden Østby i Tjølling i Vestfold. Han var frå 1789 omgangsskulelærar i heimbygda. År 1800 vart han utnemnd til klokkar og skulehaldar i Tjølling. Denne kombinerte stillinga hadde han til 1810. Han gifta seg til garden Ommundrød / Amundrød i Tjølling, og dreiv denne frå 1813. Han og kona Ingeborg Maria fekk etter kvart åtte born.[1]
Etter at han kom heim att frå Eidsvoll i 1814 bygde han om bustadhuset på Amundrød til eit kombinert gjestgjevarhus og skysstasjon. Bygninga brann ned i 1902.[2]
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
↑Jørgen Solstad (2014). «Ole Amundrød og gården Amundrød i Larvik». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 227. ISBN978-82-02-44564-5.