Kfar HaHoresh (hebraisk כְּפַר הַחֹרֶשׁ, כפר החורש, tyder Krattskoglandsbyen) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Nasaret og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 Kfar HaHoresh hadde eit folketal på 423.
Kibbutzen vart grunnlagd i 1933 av medlemmar av Gordonia ungdomsrørsle som tidlegare hadde budd i Ness Ziona. Landområdet vart kjøpt av Jewish National Fund i 1930.
Det ligg ein viktig førkeramisk yngre steinalder B-stad i nærleiken av kibbutzen som har vore under utgraving sidan tidleg i 1990-åra av ein ekspedisjon frå Det hebraiske universitetet i Jerusalem leia av professor Nigel Goring-Morris. I følgje arkeologane er staden eit regionalt gravstad.[1] Staden er knytt til overgangar i yngre steinalder.[2]
I dag er kibbutzen privatisert. Den arabiskspråklege radiostasjonen Radio A-Shams sender frå kibbutzen.
Kjelder