Det meste av Galilea består av fjellendt terreng med høgder mellom 500 og 700 meter. Det er fleire høge fjell i området, som Tabor og Har Meron, som har relativt låge temperaturar og ein del nedbør. Som følgje av dette klimaet, trives plante- og dyreliv i regionen. Mange trekkfuglar trekkjer frå kaldare klima til Afrika og attende att gjennom Hula-Jordan-korridoren. Elvane og fossane, hovudsakleg i Øvre Galilea, i tillegg til dei store grøntområda og fargerike villblomane, og dei mange bibelske byane, gjer området til eit populært turistmål i Israel.
Historie
Antikken
I følgje Bibelen vart Galilea namngjeven av israelittane og var regionen til stammene Naftali og Dan som stundom overlappa landområdet til Asher.[1]
I romartida var landet delt inn i Judea, Samaria og Galilea, som danna heile den nordlege delen av Israel. Då Judea vart ein romersk provins som bestod av Judea, Samaria og Idumea, var Galilea ei kort stund ein del av denne provinsen. Han vart så skilt ut som ein eigen provins i to til tre hundreår. Galilea var heimstaden til Jesus minst 30 år av livet hans. Jesus vart ført til Galilea av foreldra Josef og Maria etter dei fekk vite at Herodes var død, då dei budde i Egypt (Evangeliet etter Matteus 2:19-23). Dei første tre evangelia i Det nye testamentet er hovudsakleg ei forteljing om Jesus i denne provinsen, særleg i byane Nasaret og Kapernaum. Galilea er òg staden der Jesus utførte mange av mirakla sine, som å lækje ein blind mann.
Dei arkeologiske funna av synagogar frå hellenistisk og romersk tid i Galilea, syner ein sterk påverknad frå fønikarane og eit høgt toleransenivå for andre kulturar,[2] i forhold til andre jødiske, heilage stader frå same periode. Aust-Galilea hadde ein jødisk majoritet fram til 600-talet.[treng kjelde]
Den jødiske folkesetnaden i Galilea auka kraftig etter dei vart drivne ut av Spania og tekne i mot i Det osmanske riket. Samfunnet gjorde for ei stund Safed til eit internasjonalt senter for veving og stoffproduksjon, og vart eit viktig senter for jødisk lære.[4] I dag er han ein av dei fire heilage byane i jødedomen og eit senter for kabbalah.
Midt på 1700-talet vart Galilea ein del av striden mellom beduinleiarenDhaher al-Omar og dei osmanske styresmaktene som heldt til i Damaskus. Dhaher styrte Galilea i 25 år fram til den osmanske lojalisten Jezzar Pasha erobra regionen i 1775.
I 1831 vart Galilea, som var ein del av Osmansk Syria, erobra av Ibrahim Pasha av Egypt fram til 1840. I denne perioden vart det innført eit aggressiv samfunnsstyre og politikk, som førte til eit valdeleg arabaropprør i 1834. Under dette opprøret vart det jødiske samfunnet i Sefad kraftig redusert etter opprørarane plyndra byen. Dei arabiske opprørarane vart til slutt slått ned av egyptiske soldatar, men i 1838 gjorde drusarane i Galilea eit nytt opprør. I 1834 og 1837 jamna store jordskjelv det meste av byen med jorda, og mange liv gjekk tapt. I 1866 vart det første sjukehuset i Galilea grunnlagd, Nasaret sjukehus, leia av den amerikansk-armenske misjonæren dr. Kaloost Vartan, med hjelp av den tyske misjonæren John Zeller.
Tidleg på 1900-talet var Galilea framleis ein del av Osmansk Syria. Det vart administrert som det sørlegaste territoriet i Beirut vilayet (oppretta i 1888).