Ein Dor (hebraisk עֵין דּוֹר, tyder «Kjelda til ein generasjon») er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 688.[treng kjelde]
Historie
Ein Dor vart grunnlagd i 1948 av medlemmar av ungdomsrørsla Hashomer Hatzair. Grunnleggjarane var frå Israel i Ungarn, Canada og USA, og fekk seinare med seg medlemmar frå Sør-Amerika.[treng kjelde]
Kibbutzen er kalla opp etter Endor, ein landsby nemnd i Bibelen. Etter profeten Samuel døydde, kom kong Saul til Endor for å møte eit kvinneleg medium som hjelpte han å kontakte anda til Samuel. Profetiet han fekk var at armeen hans skulle forsvinne og at han og sønene hans kom til å døy i kamp. (Samuel 28:3-19). Det er på ingen måte sikkert at kibbutzen låg nokon stad nær der den bibelske landsbyen stod.
Kjelder