Erlend Larsen (fødd 13. oktober1965) er ein norsk flygar og politikar frå Stokke i Vestfold. Han har sidan 2017 representert Vestfold fylke/valkrins på Stortinget, vald for Høgre.
Frå 1984 til 2005 var Larsen tilsett i infanteriet i Forsvaret, dei fyrste åra på heiltid. Sidan var han områdesjef i Heimevernet i ni år. I 1993-94 var han med Norbatt i Libanon. Larsen var flygar 1989-93 i Norsk Flytjeneste og 1994-2011 i Widerøe Norsk Air + Widerøes Flyveselskap. Han har gitt ut ni bøker på E-forlag.
Til stortingsvalet 2017 var Larsen Høgre sin tredjekandidat i Vestfold. Då partiet gjorde eit framifrå val kom han inn på Stortinget, der han i fireårsperioden hadde plass i Helse- og omsorgskomiteen. Ved stortingsvalet 2021 var han Vestfold Høgre sin fyrstekandidat, fylkespartiet vart representert med to.