Libanon (arabisk لبنان, Libnān eller Lubnān, arameisk: לבנאנ), offisielt Den libanesiske republikken[nb 1] (arabisk الجمهورية اللبنانية, Al-Jumhūrīyah Al-Libnānīyah) er eit land i Vest-Asia. Det grensar til Syria i nord og aust og Israel i sør. Libanon ligg ved den kulturelle krossvegen mellom Middelhavet og det arabiske innlandet og dette har diktert den rike historia til landet og forma ein mangfaldig religiøs og etnisk kulturidentitet.[1] Trass i den vesle storleiken til landet[2] er libanesisk kultur kjend både i Midtausten og i verda, styrka av den store libanesiske diasporaen.
Dei tidlegaste arkeologiske funna etter sivilisasjon i Libanon går attende meir enn sju tusen år, før skriftleg historie.[3] Libanon var heimstaden til fønikarane, ein maritim kultur som florerte i over tusen år (ca. 1550–539 fvt.). I 64 fvt. kom regionen under Romarriket, og vart etter kvart eit av dei leiande sentera for kristendom i riket. I Libanonfjella vart klostertradisjonen kalla den maronittiske kyrkja grunnlagd. Då dei muslimskearabarane erobra regionen, held maronittane på religionen og identiteten sin. Ei ny religiøs gruppe, drusarane, oppstod òg i Libanonfjella, eit religiøst skilje som varte i mange hundreår. Under krosstoga fekk maronittane igjen kontakt med den katolske kyrkja og danna eit fellesskap med Roma. Banda dei knytte med latinarane har påverka regionen inn i moderne tid.
Regionen kom etter kvart under Det osmanske riket, eit politisk rike som eksisterte frå 1299 til 1923. Då riket kollapsa etter fyrste verdskrigen, vart dei fem provinsane som utgjer dagens Libanon gjevne til Frankrike som eit mandatområde. Franskmennene utvida grensene i Libanonfjella, som stort sett var folkesett av maronittar og drusarar, og inkluderte fleire muslimar. Libanon fekk sjølvstende i 1943, og oppretta eit unikt politisk system – «konfesjonalisme» – som er ein maktfordelingsmekanisme basert på religiøse samfunn. Bechara El Khoury (den første sjølvstendige, libanesiske presidenten), Riad El-Solh (den første libanesiske statsministeren) og Emir Majid Arslan (den første libanesiske forsvarsministeren) vert rekna som grunnleggjarane av den moderne libanesiske republikken og er nasjonalheltar for å ha gjeve landet sjølvstende. Dei franske soldatane trekte seg ut av Libanon i 1946.[4]
Libanon var fyrst eit relativt stabilt land.[5] Stabiliteten var kortlivd og enda med utbrotet av den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) mellom ulike politiske og sekteriske partar. Delar av landet vart også utsett for utanlandsk militær okkupasjon av Syria frå 1976 til 2005 og av Israel frå 1985 til 2000. Før borgarkrigen hadde landet ein relativt roleg periode med velstand, driven av turisme, jordbruk, handel og bankverksemd.[6] På grunn av økonomisk makt og mangfald vart Libanon i glanstida kjend som «det austlege Sveits».[7] Mange turistar kom til hovudstaden, Beirut, som vart kalla «Midtaustens Paris».[8] Mot slutten av krigen vart det gjort store forsøk på å gjenoppfriske økonomien og bygge opp att den nasjonale infrastrukturen.[9]
Namnet Libanon kjem frå den Fønikiske rota LBN (semittisk لبن), som tyder «kvit», og syner truleg til dei snødekte Libanonfjella.[13]
Namnet finst i forskjellige tekstar frå biblioteket i Ebla,[14] som er datert til 2000-talet fvt., nesten 70 gonger i Bibelen, og tre av tolv tavler i Gilgamesj (kanskje så tidleg som 2100 fvt.).[15]
Namnet er registrert på gammalegyptisk som Rmnn, der R stod for kanaanittisk L.[16]
Historie
Libanon i antikken
Spor på tidlege busetnader i Libanon er funnen i Byblos, som vert rekna som ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda.[3] Spora er daterte til tidlegare enn 5000 fvt. Arkeologar oppdaga restar av førhistoriske hytter med knuste kalksteinsgolv, primitive våpen og gravkrukker frå fiskarsamfunn i yngre steinalder og koparalderen som levde ved kysten av Middelhavet for meir enn 7 000 år sidan.[17]
Regionen som i dag er Libanon, vart i lag med Syria og mykje av Anatolia, eit stort senter for kristendom i Romarriket då religionen i tidlege år spreidde seg. Seint på 300- og tidleg på 400-talet, oppretta ein eremitt kalla Maron ein klostertradisjon, som fokuserte på monoteisme og askese, nær den syriske fjellkjeda Libanonfjella. Munkane som følgde Maron spreidde læra hans blant syrarane i regionen. Desse kristne vart kjende som maronittar og flytta opp i fjella for å unngå religiøs forfølging av dei romerske styresmaktene.[19]
På 600-talet erobra arabarane Syria og oppretta eit nytt regime som erstatta bysantinarane. Sjølv om islam og arabisk språk no var offisielle i det nye regimet, tok det tid før folkesetnaden i området konverterte frå kristendom og syrisk språk. Det maronittiske samfunnet heldt særleg fast på trua og tradisjonane sine og klarte å halde på eit sjølvstyre trass i mange forskjellige herskarar i Syria.
På 1000-talet dukka den drusiske trua opp frå ei grein av sjiaislam. Den nye trua fekk følgjarar i den sørlege delen av Libanonfjella. Dei nordlege områda av Libanonfjella vart styrt av føydale drusar-familiar til tidleg på 1300-talet då styret deira enda med mamelukkinvasjonen. Den maronittiske folkesetnaden auka gradvis i dei nordlege Libanonfjella og drusarane heldt seg i dei sørlege Libanonfjella fram til moderne tid. Sør for den noverande Libanon- (Jabal Amel), Baalbek- og Bekaadalen styrte føydale sjiafamiliar under mamelukkane og Det osmanske riket. Dei store byane ved kysten, Akko, Beirut og andre, vart direkte styrte av den muslimske kalifen og folket her vart meir eller mindre fullstendig absorbert av den arabiske kulturen.
Etter det romerske/kristne Anatolia fall til muslimske tyrkarar, bad bysantinarane paven i Roma om støtte på 1000-talet. Resultatet vart ei rekkje krigar kalla krosstoga starta av frankarane i Vest-Europa for å vinne attende dei tidlegare bysantinske, kristne områda i det austlege Middelhavsområdet, særleg Syria og Palestina (Levanten). Det første krosstoget førte til opprettinga av kongedømet Jerusalem og grevskapet Tripoli som romersk-katolske statar langs kysten.[20] Desse krossfararstatane gjorde eit varig inntrykk på regionen, sjølv om dei berre hadde avgrensa kontroll, og regionen fall attende til full muslimsk kontroll etter to hundreår, då mamelukkane erobra regionen.
Ein av dei mest varige effektane av krosstoga i regionen var kontakten mellom frankarane (franskmennene) og maronittane. I motsetnad til dei fleste andre kristne samfunn i det austlege Middelhavet, som svor truskap til Konstantinopel eller andre lokale patriarkar, svor maronittane truskap til paven i Roma. Slik sett rekna frankarane dei som romersk-katolske brør. Dette førte til støtte for maronittane frå Frankrike og Italia, sjølv etter krossfararstatane fall i regionen.
Osmansk Libanon og Det franske mandatet
I denne perioden var det noverande Libanon delt inn i fleire provinsar. Dei nordlege og sørlege Libanonfjella, Tripoli, Baalbek og Beqaadalen og Jabal Amel. I dei Sørlege Libanonfjella i 1590, vart Fakhr-al-Din II etterfølgjaren til Korkmaz. Han tok raskt makta som den viktigaste prinsen til drusarane i Shouf-området i Libanonfjella. Til slutt vart Fakhr-al-Din II utpeikt som sanjakbey (leiar) over fleire osmanske underprovinsar, med ansvar for å samle inn skattar. Han strekte kontrollen sin over eit stort område av Libanonfjella og kystområda, og bygde eit fort så langt inn i landet som ved Palmyra.[23] Denne utvidinga av maktområde vart etter kvart for mykje for den osmanske sultanen Murad IV, som sende ein styrke for å ta Fakhr til fange i 1633. Han vart ført til Istanbul, og sat i fengsel der i to år og så avretta i lag med ein av sønene sine i april 1635.[24] Overlevande medlemmar av familien til Fakhr al-Din, styrte så over eit mindre område under tettare osmansk kontroll fram til slutten av 1600-talet.
Då den siste Maan-emiren døydde, styrte forskjellige medlemmar av Shihab-familien over Libanonfjella fram til 1830. Kring 10 000 kristne vart drepne av drusarane i ein indre strid i området i 1860.[25] Kort tid etter dette vart emiratet Libanonfjella som varte kring 400 år, erstatta av Libanonfjella mutasarrifat, som eit resultat av ein europeisk-osmansk avtale kalla Règlement Organique. Baalbek og Beqaadalen og Jabal Amel vart styrt periodisk av forskjellige føydale sjiafamiliar, særleg Al Ali Alsagheer i Jabal Amel som hadde makta her fram til 1865 då osmanarane tok direkte kontroll over styret av regionen.
Den 1. september 1920, oppretta Frankrike på ny Stor-Libanon etter at moutasarrifiya-styret fjerna fleire regionar som høyrte til fyrstedømet Libanon og gav dei til Syria.[27] Libanon var eit stort sett kristent land (hovudsakleg maronittisk territorium med somme gresk-ortodokse enklavar) men omfatta òg område med mange muslimar (inkludert drusarar).[treng kjelde] Den 1. september 1926, danna Frankrike Den libanesiske republikken. Ei grunnlov vart vedteke den 25. mai 1926 og ein demokratisk republikk vart oppretta med ei parlamentarisk styreform.
Sjølvstende
Libanon fekk sjølvstende i 1943, medan Frankrike var okkupert av Tyskland.[28]
General Henri Dentz, ein høgkommisær for Vichy-Frankrike for Syria og Libanon, spelte ei stor rolle i sjølvstendet til nasjonen. Vichy-styresmaktene tillet i 1941 å la Tyskland flytte luftfartøy og forsyningar gjennom Syria til Irak, der dei vart nytta mot britiske styrkar. Storbritannia, som frykta at Nazi-Tyskland skulle få full kontroll over Libanon og Syria ved å legge press på den svake Vichy-regjeringa, sende hæren sin inn i Syria og Libanon.[treng kjelde]
Etter at kampane enda i Libanon, vitja general Charles de Gaulle området. Under politisk press både innanfor og utanfor Libanon, anerkjende de Gaulle sjølvstendet til Libanon. Den 26. november 1941 annonserte general Georges Catroux at Libanon skulle verte sjølvstendig under styret til regjeringa til Det frie Frankrike. Det vart heldt val i 1943 og den 8. november 1943 avskaffa den nye libanesisk regjeringa einsidig mandatet. Franskmennene reagerte med å kaste den nye regjeringa i fengsel. Etter internasjonalt press, sleppte franskmennene regjeringa ut den 22. november 1943 og anerkjende sjølvstendet til Libanon.
Dei allierte heldt regionen under kontroll fram til slutten av andre verdskrigen. Dei siste franske soldatane trekte seg ut i 1946. Den uskrivne nasjonalpakta til Libanon frå 1943 krev at presidenten er maronittisk kristen, at den parlamentariske leiaren er sjiamuslim, statsministeren er sunnimuslim og visepresidentane er gresk-ortodokse.[29]
Den libanesiske historia sidan sjølvstende har vore markert av periodevis politisk stabilitet og opprør, med velstand innimellom bygd på stillinga til Beirut som eit regionssenter for økonomi og handel.[30]
I mai 1948 støtta Libanon dei arabiske nabolanda i ein krig mot Israel. Somme irregulære styrkar kryssa grensa og kjempa i nokre småtrefningar mot Israel, men det var utan støtte frå dei libanesiske styresmaktene, og libanesisk soldatar invaderte ikkje offisielt.[31] Libanon gjekk med på å støtte styrkane med artillerield, pansra kjøretøy, frivillige og logistisk støtte.[32] 5–6. juni 1948 erobra den libanesiske hæren – leia av den dåverande forsvarsministerenemir Majid Arslan – Al-Malkiyya. Dette var den einaste suksessen Libanon hadde i krigen.[33]
100 000 palestinarar flykta til Libanon på grunn av krigen. Israel gav dei ikkje løyve til å kome attende etter våpenkvilen.[34] I dag er framleis meir enn 400 000 flyktningar i Libanon, omkring halvparten i leirar.[35]
I 1958, under dei siste månadane av perioden til president Camille Chamoun, braut det ut eit opprør, sett i gang av libanesiske muslimar som ønskte å gjere Libanon ein medlem av Den sameinte arabiske republikken. Chamoun bad om assistanse og 5 000 United States Marines vart etter kort tid sett ut i Beirut den 15. juli. Etter krisa, vart det danna ei ny regjering, leia av den populære, tidlegare generalen Fuad Chehab.
Med nederlaget til PLO i Jordan, flytta mange palestinske militante til Libanon, og forsterka den væpna striden mot Israel. Flyttinga av palestinske basar førte òg til auka sekterisk spaning mellom palestinarar og maronittar og andre libanesiske grupper.
I 1975, etter aukande sekterisk spaning, braut det ut full borgarkrig i Libanon. Den libanesiske borgarkrigen sette ein koalisjon av kristne grupper mot ein felles styrke av PLO, venstrevendte drusarar og muslimske militsar. I juni 1976 sende Syria sine eigne styrkar inn i landet, tilsynelatande for å opprette fred. I oktober 1976 gjekk Den arabiske ligaen med på å opprette ein hovudsakleg syrisk arabisk avskrekkingsstyrke, som fekk ansvaret for å skape fred.[36]
I 1982 førte PLO-åtak frå Libanon mot Israel til ein israelsk invasjon. Ein multinasjonal styrke av amerikanske, franske og italienske kontingentar (og ein britisk kontingent frå 1983) vart sende til Beirut etter at israelarane kringsette byen, for å oversjå evakueringa av PLO. PLO vendte attende i september 1982 etter mordet på Bashir Gemayel og under kampane som følgde, vart det utført fleire massakrar, som i Damour,[37] i Sabra og Shatila,[38] og i fleire flyktningleirar.[39] Den multinasjonal styrken vart trekte attende våren 1984, etter eit særs kraftig bombeåtak året før.
I september 1988 mislukkast parlamentet å velje ein etterfølgjar til president Gemayel som følgje av skilnader mellom dei kristne, muslimane og syrarane. Møtet til Den arabiske ligaen i mai 1989 førte til skipinga av ein saudiarabisk-marokkansk-algerisk komité for å løyse krisa. Den 16. september 1989 kom komiteen med ein fredsplan som vart akseptert av alle partar. Det vart oppretta våpenkvile, hamnene og flyplassane vart opna på ny og flyktningar byrja å kome attende.[36]
Den same månaden gjekk det libanesiske parlamentet med på Taif-avtalen, som omfatta tidspunkt for syrisk tilbaketrekking frå Libanon og ein formel for å endre det konfesjonelle politiske systemet.[36] Krigen enda i 1990 etter seksten år med store tap av menneskeliv og verdiar, medan økonomien til landet var fullstendig øydelagd. Det er estimert at 150 000 menneske mista livet og at 200 000 vart skadde.[41] Kring 900 000 menneske, ein femtedel av folkesetnaden før krigen, vart flytta frå heimane sine.[42] Delar av Libanon låg att i ruinar.[43] Taif-avtalen er framleis ikkje fullstendig implementert og det politiske systemet i Libanon er framleis delt langs sekteriske linjer.
Etter 2000
Den indre politiske situasjonen i Libanon endra seg stort tidleg i 2000-åra. Etter at israelarane trekte seg ut av det sørlege Libanon og Hafez Al-Assad døydde i Syria 2000, møtte det syriske militæret i Libanon kritikk og motstand frå den libanesisk folkesetnaden.[44]
Den 14. februar 2005 vart den tidlegare statsministeren Rafik Hariri myrda av ei bilbombe.[45] Leiarane i 14. mars-alliansen skulda Syria for åtaket,[46] medan 8. mars-alliansen og syriske leiarar hevda Mossad stod bak attentatet.[47] Hariri-attentatet markerte byrjinga på ei rekkje attentat, som førte til at fleire framståande libanesarar vart myrda.[nb 2]
Attentatet førte til sederrevolusjonen, ei rekkje demonstrasjonar som kravde at syriske soldatar skulle trekkje seg ut av Libanon og at det skulle opprettast ein internasjonal kommisjon for å etterforske attentata. Under press frå Vesten byrja Syria tilbaketrekkinga,[48] og den 26. april 2005 hadde alle dei syriske soldatane drege attende til Syria.[49][50]
Den 12. juli 2006 sette Hizbollah i gang ei rekkje rakettåtak og raid mot israelske territorium, der dei tok livet av tre israelske soldatar og tok to til fange.[55] Israel svarte med flyåtak og artillerield mot mål i Libanon, og ein bakkeinvasjon av Sør-Libanon, som førte til Libanonkrigen i 2006. Konflikten enda offisielt med SN-resolusjon 1701 den 14. august 2006, som gav ordre om våpenkvile.[56] 1 191 libanesarar[57] og 160 israelarar[58] mista livet i konflikten. Dei sørlege forstadane til Beirut fekk store skadar i dei israelske flyåtaka, der den militære infrastrukturen til Hizbollah låg godt innimellom den sivile folkesetnaden.[59]
Ustabilitet og påverknad frå krigen i Syria
I 2007 vart flyktningleiren Nahr al-Bared senter for Libanonkonflikten i 2007 mellom den libanesiske hæren og Fatah al-Islam. Minst 169 soldatar, 287 opprørarar og 47 sivile mista livet i kampane. Det gjekk lang tid å få midlar til å bygge opp att området.[60]
Mellom 2006 og 2008 kravde ei rekkje demonstrasjonar leia av grupper som var mot den pro-vestlege statsministeren Fouad Siniora at det vart oppretta ei nasjonal samlingsregjering, der opposisjonsgruppene, som hovudsakleg var sjiaer, skulle ha vetomakt. Då presidentperioden til Émile Lahoud enda i oktober 2007, nekta opposisjonen å stemme for ein etterfølgjar med mindre ein fekk ei maktfordeling, og Libanon vart slik utan president.
Hizbollah- og Amal-styrkar, som var tent av erklæringa frå regjeringa om at kommunikasjonsnettverket til Hizbollah var ulovleg, tok kontroll over det vestlege Beirut den 9. mai 2008,[61] og dette førte til konflikten i Libanon i 2008.[62] Dei libanesiske styresmaktene fordømde valdshandlingane som eit kuppforsøk.[63] Minst 62 menneske omkom i kampane mellom den pro-statlege og opposisjonelle militsen.[64] Den 21. mai 2008 enda signeringa av Doha-avtalen kampane.[61][64] Som ein del av avtalen, som enda den 18 månader lange politiske lamminga,[65] vart Michel Suleiman president og ei nasjonal samlingsregjering vart oppretta, som gav vetorett til opposisjonen.[61] Avtalen var ein siger for opposisjonen, sidan styresmaktene måtte gje etter alle krava sine.[64]
Tidleg i januar 2011 kollapsa den nasjonale samlingsregjeringa på grunn av aukande spaning frå Det spesielle tribunalet for Libanon, som var venta å tiltale Hizbollah-medlemmar for attentatet på Hariri.[66] Parlamentet valde Najib Mikati, kandidaten for den Hizbollah-leia 8. mars-alliansen, som statsminister i Libanon, og gav han ansvaret for å opprette ei ny regjering.[67] Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah insisterte på at det var Israel som var ansvarleg for attentatet på Hariri.[68] Ein rapport som vart lekka til avisa Al-Akhbar i november 2010 sa at Hizbollah hadde planar om å ta over landet om Spesialtribunalet tiltalte medlemmane deira for attentatet.[69][70]
Den 27. desember 2013 vart finansminister Mohamad Chatah, ein støttespelar for den tidlegare statsministeren Saad Hariri, drepen i lag med sju andre av ei bilbombe i sentrum av Beirut.[74][75]62-åringen var då på veg til eit møte med 14. mars-koalisjonen i heimen til Hariri.[75]
Krisa i 2019–2021
17. oktober 2019 braut den fyrste av ei rekkje store folkelege demonstrasjonar ut.[76][77][78] Dei vart i utgangspunktet utløyste av planlagde avgifter på bensin, tobakk og nettelefonsamtalar som WhatsApp,[79][80][81] men utvida seg raskt til ei landsdekkande fordømming av sekterisk styre,[82] ein stilleståande økonomi og likviditetskrise, arbeidsløyse, utbreidd korrupsjon i offentleg sektor,[82] lovgjeving (som hemmeleghald i banksektoren) som mange meinte skjerma den herskande klassen frå ansvar[83][84] og svikt frå regjeringa med å levere grunnleggjande tenester som straum, vatn og sanitæranlegg.[85]
Som følgje av protestane gjekk Libanon inn i ei politisk krise. Statsminister Saad Hariri gjekk av, og tok opp demonstrantane sitt krav om ei regjering av sjølvstendige spesialistar.[86] Andre politikarar ein protesterte mot vart verande i stillingane sine. 19. desember 2019 vart den tidlegare utdanningsministeren Hassan Diab utnemnd til ny statsminister.[87] Protestar og sivil ulydnad har sidan halde fram,[88][89][90] og Libanon gjekk gjennom si verste økonomiske krise på fleire tiår.[91][92]'
4. august 2020 var det ein veldig eksplosjon ved hamna i Beirut som øydela kringliggjande område og drap over 200 menneske, medan tusentals vart skadde. Årsaka til eksplosjonen viste seg å vera 2750 tonn ammoniumnitrat som var vorte uforsvarleg lagra, og hadde teke fyr.[93] Protestar følgde få dagar etter hendingar, og førte til at Hassan Diab og regjeringa hans gjekk av 10. august 2020, men likevel fortsette i stillinga som ei mellombels regjering.[94]
11. mars 2021 åtvara den mellombelse energiministeren Raymond Ghajar om at Libanon var truga med «totalt mørke» i slutten av mars om ein ikkje sikra middel til å kjøpa drivstoff til kraftstasjonane.[95] I august 2021 drap ein stor drivstoffeksplosjon i Nord-Libanon 28 menneske.[96] I september vart det skipa ei ny regjering leia av den tidlegare statsministeren Najib Mikati.[97] 9. oktober 2021 mista heile landet straumen i eit døgn etter at dei to største kraftverka stoppa på grunn av valuta- og drivstoffmangel.[98] Nokre dagar seinare førte sekterisk vald i Beirut til at fleire menneske døydde i dei mest døydelege samanstøyta i landet sidan 2008.[99] I januar 2022 rapporterte BBC News at krisa i Libanon hadde forverra seg, ved ar verdien på libanesisk pund hadde stupt og det planlagde valet var vorte utsett på ubestemt tid.[100]
Libanon ligg i Vest-Asia mellom 33° og 35° N og lengdegradene 35° og 37° E.
Landet har eit areal på 10 452 km² der 10 230 km² er landområde. Libanon har ei 225 km lang kystlinje mot Middelhavet i vest, ei 375 km lang grense mot Syria i nord og aust og ei 79 km lang grense mot Israel i sør.[101]Grensa mot dei israelskokkuperte Golanhøgdene er omstridd av Libanon i eit lite område kalla Shebaa-gardane.[102]
Den smale og diskontinuerlege kystsletta strekkjer seg frå den syriske grensa i nord, der ho er vid i form av Akkar-sletta til Ras al-Naqoura ved grensa til Israel i sør. Den frodige kystsletta er danna av marine sediment og elveavsetningar med sandete bukter og klippete strender.
Libanonfjella stig bratt opp, parallelt til middelhavskysten og dannar ein rygg av kalkstein og sandstein som går gjennom heile landet på langs. Breidda til fjella varierer frå 10 km til 56 km og er innskoren av djupe, smale kløfter. Det høgaste punktet i Libanonfjella er Qurnat as Sawda' på 3088 moh. i Nord-Libanon og heller gradvis sørover til Sannine med ei høgd på 2695 moh. Bekaadalen ligg mellom Libanonfjella i vest og Anti-Libanonfjella i aust og er ein del av Riftdalen. Dalen er 180 km lang og 10 til 26 km brei og det rike jordsmonnet er danna av elveavsetningar.
Anti-Libanonfjella går parallelt til Libanonfjella og det høgaste fjellet er Hermon på 2814 moh.[101]
Fjella i Libanon vert drenert av fleire delvis tørrlagde elvar, mellom anna den 145 km lange Leontes som spring ut i Bekaadalen vest for Baalbek og munnar ut i Middelhavet nord for Tyr.[101] Libanon har i alt 16 elvar og ingen av dei er farbare. 13 av elvane spring ut på vestsida av Libanonfjella, og renn gjennom bratte kløfter og ut i Middelhavet. Dei andre tre spring ut i Bekaadalen.[103]
Klima
Libanon er eit av dei våtaste områda i Midtausten, stort sett på grunn av fjellområda, som har høgder opp til 2500 m. Fjella har som regel nok snø til å drive skiaktivitetar, og kan få frost sjølv om sommaren. Sjølv høgdene nær kysten kan få snø om vinteren, i gjennomsnitt fem til ti dagar i året, og nedbørsnormalen er om lag 1000 mm i løpet av eit år. Sjølve kysten har middelhavsklima, og er verna frå den asiatiske kulden av fjella i aust. Her har ein nesten aldri frost om vinteren. Somrane har forholdsvis høg luftfukt, men temperaturen går som regel ikkje over 32 °C. Beirut har ein årleg nedbørsnormal på 893 mm, men berre 8 av desse kjem i månadane juni til september.
Natur
I antikken var Libanon dekt av store skogar av libanonseder, nasjonalemblemet til landet.[104] Skogane dekkjer 13,4 % av det libanesiske området;[105] og er under konstant trugsel av skogbrannar på grunn av dei lange, tørre somrane.[106]
På grunn av langvarig hogst, er det berre få gamle sedertre att, i lommer av skogar i Libanon, men det pågår no eit prosjekt for å bevare og fornye skogane. Libanesarane har lagt vekt på naturleg fornying i staden for aktiv planting, for å skape dei rette tilhøva for spiring og vekst. Den libanesiske staten har oppretta fleire naturreservat som inneheld seder, mellom anna Shouf biosfærereservat, Jaj sederreservat, Tannourine-reservatet, Ammouaa- og Karm Shbat-reservatet i Akkar-distriktet, og skogane i Guds seder nær Bsharri.[107][108][109]
I 2010 starta miljøvernsdepartementet ein 10-årsplan for å auke områda med nasjonalskog med 20 %, som tilsvarar å plante to millionar nye tre kvart år.[110] Planen, som vart finansiert av Det amerikanske byrået for internasjonal utvikling (USAID), og sett i gang av det amerikanske U.S. Forest Service (USFS), via Lebanon Reforestation Initiative (LRI), vart starta i 2011 ved å plante seder, furu, ville mandeltre, einer, gran og eik og andre tre i ti regionar kring i Libanon.[110]
Staten og politikk
Libanon er eit parlamentarisk demokrati, som baserer seg på eit spesielt system kalla konfesjonalisme.[111] Dette systemet er meint å hindre sekteriske konfliktar og prøver å representere den demografiske fordelinga til 18 anerkjende religiøse grupper i regjeringa.[112][113] Dei høgaste embeta er reservert medlemmar av spesifikke religiøse grupper. Presidenten må til dømes vere ein maronittisk kristen, statsministeren ein sunnimuslim, parlamentarisk leiar ein sjiamuslim, visestatsministeren og viseleiaren i parlamentet austleg ortodoks.[114][115]
Fram til 1975 rekna Freedom House Libanon som berre eit av to politiske frie land (i lag med Israel) i Midtausten og Nord-Afrika.[116] Landet mista denne statusen då borgarkrigen braut ut, og har aldri fått denne statusen attende. Libanon vart rekna som «delvis fritt» i 2013.[116]
Fram til 2005 var det forbode for palestinarar å arbeide i over 70 yrke, fordi dei ikkje hadde libanesisk borgarskap, men dette vart seinare redusert til kring 20 i 2007 etter ei liberalisering.[34] I 2010 fekk palestinarane same rettane til arbeid som andre utlendingar i landet.[117]
Den nasjonale lovgjevingsmakta til Libanon er det eittkamraDet libanesiske parlamentet. Dei 128 setene er delt likt mellom kristne og muslimar, forholdsmessig mellom 18 forskjellige religiøse grupper og mellom dei 26 regionane.[118] Før 1990 var forholdet 6:5 i favør dei kristne, men Taif-avtalen, som enda borgarkrigen 1975-1990, justerte forholdet slik at det vart likt mellom dei ro religionane.[114] Parlamentet vert vald for fire om gangen i ei folkerøysting.[119]
Den utøvande makta består av presidenten, som er statsleiar, og statsministeren, som leiar regjeringa. Parlamentet vel ein leiar for seksårsperiode, som ikkje kan fornyast, ved hjelp av to-tredjedels fleirtal. Presidenten peikar ut statsministeren,[120] etter rådføring med parlamentet. Presidenten og statsministeren dannar Kabinettet, som òg må følgje ei sekterisk fordeling.
Rettsvesen
Det er 17 offisielle religionar i Libanon, kvar med sine eigne familielover og religiøse domstolar.
Det libanesisk rettssystemet er basert på det franske systemet og er ein sivilrett, med unntak for saker som gjeld personleg status (arv, ekteskap, skilsmiss osv.), som vert handsama av lover spesifikke for kvart sekteriske samfunn. Til dømes er dei islamske lovene for personleg status inspirert av sjarialovene.[121] For muslimar omfattar desse domstolane saker om ekteskap, skilsmisse, foreldrerett, arv og testamente. Katolikkar kan i tillegg anke føre den Den romerske rotaen.[122] Landet nyttar dødsstraff for somme lovbrot.[121]
Utanriks
Libanon inngjekk forhandlingar om ein assosieringsavtale med EU seint i 2001, og begge sider godtok avtalen i januar 2002. Det er ein del av EU sitt Europeisk naboskapspolitikk (ENP), som har som mål å føre EU nærare nabolanda.
Libanon har òg ein bilateral handelsavtale med mange arabiske statar og arbeider mot å verte teken opp i Verdas handelsorganisasjon.
Libanon har gode forhold med meir eller mindre alle dei andre arabiske landa (trass i historiske stridar med Libya, palestinarane, Syria og Irak) og var vertskap for toppmøtet i Den arabiske ligaen i mars 2002 for første gongen på meir enn 35 år. Libanon er medlem av Francophone-landa og var vertskap for toppmøtet i Francophone i oktober 2002 i tillegg til Jeux de la Francophonie i 2009.
Forsvaret
Det libanesiske forsvaret (LAF) har 72 000 aktive militære,[123] inkludert 1 100 i luftforsvaret og 1 000 i marinen.[124]
Hovudføremålet til det libanesiske forsvaret er å forsvare Libanon og borgarane mot ytre fiendar, oppretthalde indre stabilitet og tryggleik, konfrontere trugslar mot dei vitale interessene til landet, delta i sosiale utviklingsaktivitetar og føreta støtteoperasjonar i samråd med offentlege og humanitære institusjonar.[125]
Libanon mottar mykje militær støtte frå utlandet.[126] Med 400 millionar dollar sidan 2005, er landet den nest største mottakaren av amerikansk militærstøtte per innbyggjarar etter Israel.[127]
Libanon er delt inn i seks guvernement (mohaafazaat, arabisk محافظات — eintal mohafazah, arabisk محافظة) som er vidare delt inn i 25 distrikt (aqdya—eintal: qadaa).[128] Distrikta er igjen delt inn i fleire kommunar, som dekkjer ei gruppe byar eller landsbyar. Guvernementa og distrikta i dei er:
Mal:Libanon kart
Økonomien til Libanon følgjer laissez-faire-modellen.[129] Det meste av økonomien er dollarisert, og landet har ingen restriksjonar på overføring av kapital over landegrensene.[129] Dei libanesiske styresmaktene blandar seg minimalt inn i utanlandsk handel.[129]
Den libanesisk økonomien voks med 8,5% i 2008 og 9 % i 2009[130] trass i ein global nedgang.[131] Reel BNP-vekst er estimert å ha blitt redusert frå 7,5 % i 2010 til 1,5 % i 2011, med ein nominell BNP estimert til 41,5 mrd. dollar i 2011.[129]
Libanon har særs høg statsgjeld[129] og i 2010 var statsgjelda 150,7 % av BNP, den 14. høgaste i verda som prosent av BNP.[119]
Den urbane folkesetnaden i Libanon er kjend for handelsføretaka sine.[132] Utvandringa har gjeve libanesiske «handelsnettverk» verda over.[133] Remissar frå libanesarar utanlands er totalt 8,2 mrd. dollar[134] og står for ein femtedel av økonomien til landet.[135] Libanon har den største delen av fagarbeidarar blant dei arabiske statane.[136]
Jordbrukssektoren sysselset 12 % av den totale arbeidsstyrken i Libanon.[137] Jordbruk medverka til 5,9 % av BNPet til landet i 2011.[138] Forholdet dyrkbar mark i Libanon er det høgaste i Den arabiske verda.[139] Dei største landbruksvarene er eple, fersken, appelsinar og sitronar.[6]
I nyare tid har ein oppdaga olje både på land og under havbotnen mellom Libanon, Kypros, Israel og Egypt, og det er samtalar mellom Kypros og Egypt om å kome til ei semje for å få utnytta desse ressursane. Havbotnen mellom Libanon og Kypros trur ein har store mengder råolje og naturgass.[141]
Industrien i Libanon er stort sett avgrensa til små føretak som monterer og pakkar importerte delar. I 2004 sysselsette industrien den nest største arbeidsstyrken i Libanon, 26 % av den samle arbeidsstyrken,[137] og medverkar med 21 % av BNP.[6]
Nesten 65% av den libanesiske arbeidsstyrken er tilsett i tenestesektoren.[137] Denne sektoren medverkar med kring 67,3 % av BNP.[6] Avhengnad av turisme og banksektoren gjer at økonomien er sårbar for politisk ustabilitet.[142]
Turisme
Turistindustrien utgjer kring 10 % av BNP.[143] Libanon tiltrekte seg kring 1 333 000 turistar i 2008, og var rangert på 79. plass av 191 land.[144] I 2009 rangerte New York Times Beirut øvst på lista si over destinasjonar med unikt natteliv og gjestfridom.[145] I 2009 vitja over 1,8 mill. turistar Libanon, ein auke på 39% frå 2008.[146] Det vart det høgaste turisttalet i landet etter den libanesiske borgarkrigen enda.[147] Turisttalet nådde 2 millionar i 2010, men fall med 37 % dei første ti månadane av 2012 på grunn av krigen i nabolandet Syria.[143]
Dei landa som sender flest turistar til Libanon har vore Saudi Arabia, Jordan og Japan.[148]
Demografi
Folketalet i Libanon var estimert til å vere 4 125 247 i juli 2010,[119] men det har ikkje vore ei offisiell folketeljing sidan 1932 på grunn av den sensitive konfesjonelle, politiske balansen mellom dei forskjellige religiøse gruppene i Libanon.[149] Folkesetnaden i Libanon er ikkje reint arabiske, men ein smeltedigel av forskjellige kulturar.[150] Ved første augekast kan det sjå ut til at dette etniske, språklege, religiøse og sekteriske mangfaldet skapar sivil og politisk uro, men gjennom det meste av historia til Libanon har dei forskjellige religiøse samfunna levd side om side i fred.[150]
Det har vore fleire periodar med utflytting frå Libanon og over 1,5 millionar menneske flytta frå landet i perioden 1975 til 2011.[151] Millionar av folk av libanesisk opphav er spreidd utover heile verda, hovudsakleg kristne,[152] særleg i Latin-Amerika.[153] Den største utflytta folkegruppa finst i Brasil.[154] Mange libanesarar flytta òg til Vest-Afrika,[155] særleg Elfenbeinskysten (over 100 000 libanesarar)[156] og Senegal (kring 30 000).[157]Australia er heimstad til over 270 000 libanesarar (1999 est.).[158] I Canada bur det òg kring 250 000-500 000 folk av libanesisk opphav.
I 2012 var Libanon heimstad til over 460 000 flyktningar og asylsøkjarar: 405 425 palestinarar,[119] 50 000–60 000 frå Irak,[159][160] over 80 000 frå Syria,[161] og 4 500 frå Sudan. I oktober 2016 estimerte styresmaktene at landet husa 1,5 millionar syrarar.[162]
Religion
Libanon er det mest religiøst mangfaldige landet i Midtausten.[164]CIA World Factbook estimerer at folkesetnaden består av 59,7% muslimar og 39 % kristne, medan andre religionar og ikkje-truande utgjer 1,3%.[119]
Ein trur at forholdstalet mellom kristne og muslimar har minka dei siste 60 åra på grunn av større utflytting av dei kristne og høgare fødselstal hos den muslimske folkesetnaden.[165] Då den siste folketeljinga vart gjort i 1932, utgjorde dei kristne 53 % av folkesetnaden i Libanon.[151]
Sunnimuslimane bur hovudsakleg i Tripoli, Vest-Beirut, sørkysten av Libanon og Nord-Libanon.[166]
Dei maronittiske innbyggjarane bur i Aust-Beirut og fjella i Libanon.[166] Det er store kristne samfunn i Libanon.[166]
Dei gresk-ortodokse, det nest største kristne samfunnet i Libanon, bur hovudsakleg i Koura, Beirut, Zahleh, Rachaya, Matn, Aley, Akkar, Tripoli, Hasbaya og Marjeyoun.
Språk
Arabisk er det offisielle språket i landet, men ei lov avgjer tilfelle når fransk skal nyttast.[167] Dei fleste libanesarane talar libanesisk arabisk, medan moderne standard arabisk vert hovudsakleg nytta i magasin og formelle media. Neste 40 % av libanesarane vert rekna som fransktalande, og 15 % som delvis fransktalande, og 70 % av vidaregåande skular nytta fransk som sekundært språk.[168] Bruken av fransk kjem av dei historiske banda til Frankrike, mellom anna det franske mandatet frå Folkeforbundet over Libanon etter den fyrste verdskrigen. I 2004 brukte kring 20% av innbyggjarane fransk som daglegspråk.[169]
Engelsk har auka i vitskaps- og forretningssamanhengar.[170]
Kultur
Den libanesiske kulturen er ei blanding av kulturar frå forskjellige sivilisasjonar over tusenvis av år. Opphavleg var landet heimstaden til fønikarane, og sidan assyrarane, persarane, grekarane, romarane, arabarane, fatimidane, krossfararane, osmanarane og franskmennene, og den libanesiske kulturen har gjennom tusenåra lånt frå alle desse gruppene. Den varierte folkesetnaden i Libanon har vidare ført til festivalane, musikkstilane, litteraturen og det libanesiske kjøkenet.
Trass i etnisk, språkleg og religiøst mangfald, deler libanesarane ein nesten felles kultur.[171]Libanesisk arabisk er det mest talte språket, medan mat, musikk og litteratur har djupe røter i dei vidare middelhavske og levantinske normene.[171]
Innan visuell kunst har Moustafa Farroukh var ein av dei viktigaste målarane i Libanon på 1900-talet. Han fekk opplæring i Roma og Paris, og har hatt utstillingar i Paris og New York gjennom karrieren sin.[173]Walid Raad er ein biletkunstnar som i dag bur i New York.[174]
Innan fotografi har Arab Image Foundation ei samling på over 400 000 fotografi frå Libanon og Midtausten. Ein kan sjå bileta i eit forskingssenteret og forskjellige publikasjonar som er produsert i Libanon.
Populærkultur
Libanesisk musikk gjennomsyrer det libanesisk samfunnet.[175] Tradisjonell folkemusikk er framleis populært i Libanon, men moderne musikk som blandar vestleg musikk med tradisjonelle arabiske stilar, pop og fusion er stadig meir populært.[176] Radiostasjonar spelar forskjellig musikk som tradisjonell libanesisk, klassisk arabisk, armensk[177] og moderne fransk, engelsk, amerikansk og latinsk musikk.[178]
Libanesisk film har eksistert sidan 1920-åra, og landet har produsert over 500 filmar,[179]
Media i Libanon er ikkje berre eit regionssenter for produksjonar, men òg eit av dei mest liberale og frie i den arabiske verda.[180] I følgje Reporters Without Borders, «har media i Libanon meir fridom enn noko anna arabisk land».[181] Trass i lågt folketal og geografisk utstrekning, har Libanon spelt ei viktig rolle i å spreie informasjon i den arabiske verda og er i kjernen av eit regionalt medianettverk med globale implikasjonar.[182]
Idrett
Libanon har seks skistader. På grunn av den unike geografien i Libanon, kan ein stå på ski i fjella om morgonen og symje i Middelhavet om ettermiddagen.[183] Innan konkurrerande idrett er basketball og fotball dei mest populære. Kanopadling, sykling, klatring, rafting, symjing, segling og grottevandring er populære fritidsaktivitetar i Libanon. Beirut maraton vert halde kvar haust og trekkjer til seg dugande løparar frå både Libanon og utalands.[184]
Utdanning
I følgje lista til World Economic Forum for 2013 kalla Global Information Technology Report, er Libanon rangert som det fjerde beste landet for matematisk og vitskapleg utdanning, og som det tiande beste for utdanningskvalitet i verda. For kvaliteten på handelshøgskular vart landet rangert på 13. plass for heile verda.[185]
Dei sameinte nasjonane gav Libanon ein utdanningsindeks på 0,871 i 2008. Indeksen, som vert avgjort av mellom anna lesekunne, rangerte landet på 88. plass av 177 land.[186]
Alle libanesiske skular følgjer eit obligatorisk pensum laga av Utdanningsdepartmentet. Somme av dei 1400 private skulane tilbyr IB-program,[187] og kan òg ha fleire fag enn det nasjonale pensumet. Første til åttande klasse er etter lova obligatorisk.[6]
I 2010 stod helsevesenet for 7,03 % av landet sitt BNP. I 2009 var det 31,29 legar og 19,71 sjukepleiarar per 10 000 innbyggjarar.[192] Forventa levealder var 72,59 år i 2011, eller 70,48 år for menn og 74,80 år for kvinner.[193]
Mot slutten av borgarkrigen var berre ein tredjedel av dei offentlege sjukehusa i landet i drift, og dei hadde i snitt berre 20 senger kvar. I 2009 hadde landet 28 offentlege sjukehus med i alt 2 550 senger.[194]
Fotnotar
↑Republikken Libanon er den mest nytta skrivemåten av libanesiske statlege byrå. Uttrykket Den libanesisk republikken er ei bokstavleg omsetjing av dei offisielle arabiske og franske namna som ikkje vert nytta i verda i dag. Libanesisk arabisk er det vanlegaste språket blant innbyggjarane i Libanon.
↑McGowen, Afaf Sabeh (1989). «Historical Setting». I Collelo, Thomas. Libanon: A Country Study. Area Handbook Series (3rd utg.). Washington, D.C.: The Division. OCLC18907889. Henta 24. juli 2009.
↑ 3,03,1Dumper, Michael; Stanley, Bruce E.; Abu-Lughod, Janet L. (2006). Cities of the Middle East and North Africa. Afvt.-CLIO. s. 104. ISBN1-57607-919-8.
↑Ross, Oakland (9. oktober 2007). «Language of murder makes itself understood». Toronto Star. Henta 6. juli 2014. «Like a wound that just won't heal, a large expanse patch of fresh asphalt still mottles the grey surface of Rue Minet el-Hosn, where the street veers west around St. George Bay. The patch marks the exact spot where a massive truck bomb exploded 14. februar 2005, killing Prime minister Rafik Hariri and 22 others and gouging a deep crater in the road.»
↑ 101,0101,1101,2Etheredge, Laura S (2011). Syria, Lebanon, and Jordan – Middle East: region in transition. The Rosen Publishing Group. s. 85–159. ISBN978-1-61530-414-1.
↑Lijphart, Arend (1969). «Consociational Democracy». World Politics21 (2): 207–225. doi:10.2307/2009820.
↑Lijphart, Arend. Multiethnic democracy, in S. Lipset (ed.), «The Encyclopedia of Democracy". London, Routledge, 1995, Volume III, s. 853–865 ISBN 0871878887.
↑ 137,0137,1137,2Jean Hayek et al, 1999. The Structure, Properties, and Main Foundations of the libanesisk Economy. In The Scientific Series in Geography, Grade 11, 110–114. Beirut: Dar Habib.
↑«Lebanon». Canadian International Development Agency. Government of Canada. 28. mai 2009. Arkivert frå originalen(Governmental) 30. mai 2008. Henta 24. august 2009.
↑Sheehan, Sean; Latif Zawiah (30. august 2007). «Arts». Libanon. Cultures of the World (2 utg.). Marshall Cavendish Children's Books. s. 105. ISBN978-0-7614-2081-1. Henta 19. september 2009.
↑McKenzie, Robert. Comparing Media from Around the World, Pearson/Allyn and Bacon, 2006, s. 372 ISBN 0-205-40242-9