Hagerup var frå 2005 til 2017 tilsett i ASKO Rogaland AS, siste seks åra som personalsjef. Perioden 2011-17 var ho i tillegg medlem i formannskapet for Time. Hausten 2017 kom ho inn på Stortinget som den fjerde og siste Høgre-kandidaten frå Rogaland. Perioden 2017-21 hadde ho sete i Arbeids- og sosialkomiteen.