When Will I Be Loved

When Will I Be Loved
Singel av The Everly Brothers
frå albumet The Fabulous Style of The Everly Brothers
B-side

Be-Bop-A-Lula

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1960
Innspelt 18. februar 1960
Sjanger Country
Lengd 2:26
Selskap Cadence
Komponist Philip Everly
Tekstforfattar Philip Everly
Låtskrivar(ar) Phil Everly
Produsent Wesley Rose
The Everly Brothers-kronologi 
«Cathy's Clown»
(1960)
When Will I Be Loved «So Sad»
(1960)


«When Will I Be Loved» er ein klassisk popsong skriven av Phil Everly i The Everly Brothers, som fekk ein topp 10-hit med songen i USA i 1960. Linda Ronstadt spelte inn songen i 1975 og versjonen hennar vart ein enno større hit i USA med ein andreplass på singellista.

The Everly Brothers-versjonen

The Everly Brothers nådde 8. plassen med «When Will I Be Loved» sommaren 1960 på Billboard Hot 100-lista. Songen vart spelt inn i 1960 då duoen hadde kontrakt med Cadence Records. I løpet av året gjekk dei over til Warner Brothers og spelte i ein meir streit poprock-stil enn tidlegare. Cadence gav så ut «When Will I Be Loved» som gav Everly Brothers ein siste rockabilly-aktig hit.[1]

Medverkande

Innspelinga var produsert av Archie Bleyer den 18. februar 1960 i RCA Studio i Nashville. Med på innspelinga var:


Salslister

Vekeslister

Liste (1960) Plassering
Australian ARIA Chart 3
Canadian RPM Top Singles 16
UK Singles Chart 4
US Billboard Hot 100 8

Årslister

Liste (1960) Plassering
US Billboard Hot 100[3] 91

Linda Ronstadt-versjonen

When Will I Be Loved
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Heart Like a Wheel
B-side

It Doesn't Matter Anymore

Språk engelsk
Utgjeve 25. mars 1975
Sjanger Countryrock, softrock[4]
Lengd 2:04
Selskap Capitol
Komponist Philip Everly
Tekstforfattar Philip Everly
Låtskrivar(ar) Phil Everly
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
«You're No Good»
(1974)
When Will I Be Loved «Heat Wave»
(1975)


Linda Ronstadt spelte inn den største hitversjonen av songen, då ho gav han ut på albumet hennar Heart Like A Wheel. Denne versjonen omarrangerer versa frå originalen til Everly Brothers, og transponerte første og fjerde versa. Capitol Records var visstnok ikkje sikker på om dei skule gje ut «When Will I Be Loved» eller «You're No Good» som den første singelen frå Heart Like a Wheel, og valde til slutt «You're No Good».[5] «When Will I Be Loved» vart gjeven ut som den andre singelen i mars 1975.

Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i juni det året, i tillegg til at han gjekk til topps på Cash Box-[1] og Billboard country-lista.[6] Songen hadde selt 268 000 eksemplar i USA då han vart tilgjengeleg for digital nedlasting i januar 2020.[7]

B-sida til singelen, Buddy Holly sin «It Doesn't Matter Anymore», vart spelt nok på radio til at han nådde 47. plassen på poplista, 20. plassen på Adult Contemporary-lista og 54. plassen på countrylista.[1]

Salslister

Vekeslister

Liste (1975) Plassering
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 1
Canadian RPM Country Singles 1
Canadian RPM Top Singles 7
US Billboard Adult Contemporary 3
US Billboard Hot Country Singles 1
US Billboard Hot 100 2

Årslister

Liste (1975) Plassering
Canada RPM Top Singles[8] 78
Canada RPM Adult Contemporary[9] 23
US Billboard Hot 100[10] 47
US Cash Box[11] 39

Andre versjonar

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Poore, Billy (1998). Rockabilly: a forty-year journey. Milwaukee, WI: Hal Leonard Publishing. s. 170. ISBN 0-7935-9142-2. 
  2. «SINGLES DISCOGRAPHY». Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 30. november 2020. 
  3. «Top 100 Hits of 1960/Top 100 Songs of 1960». Musicoutfitters.com. 
  4. Knowles, Christopher (1. oktober 2010). The Secret History of Rock 'n' Roll. Simon and Schuster. ISBN 9781573445641 – via Google Books. 
  5. The New York Times, 19. november 1974, p.32
  6. Whitburn, Joel (2008). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944b2008. Record Research. s. 300. 
  7. Bjorke, Matt (7. januar 2020). «Top 30 Digital Country Songs Chart: 7. januar 2020». Rough Stock. Henta 30. november 2020. 
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 
  9. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 
  10. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». Musicoutfitters.com. 
  11. «Cash Box YE Pop Singles - 1975». Tropicalglen.com. 
  12. «Nick Lowe and Dave Edmunds, Nick Lowe & Dave Edmunds Sing The Everly Brothers». Henta 3. desember 2016. 
  13. «Episode Music & Scores». Magnum Mania!. 11. januar 2013. Henta 26. september 2016. 
  14. «News». John Fogerty. Arkivert frå originalen 30. januar 2020. Henta 26. september 2016. 

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!